- Trygt å ha ei kommandovogn i beredskap

Ei av dei nye kommandovognene til Hordaland Røde Kors Hjelpekorps har vore på besøk i Fjellhaugen i helga, i lag med Kent Eivind Vorland og Nils Vidar Hopland (begge bak, utan vestar). Dei åtte lokale hjelpekorpsarane som var på vakt, var glade for å få sjå nærare på det nye hjelpemiddelet. Frå venstre: Lars Helge Steinsland, Andreas Kaldestad, Robin Totland, Gunn Kristin Raudstein, Hazel Ann Raudstein, Astrid Elise Skåle Hansen og Svein Arild Kjærland.

Ei av dei nye kommandovognene til Hordaland Røde Kors Hjelpekorps har vore på besøk i Fjellhaugen i helga, i lag med Kent Eivind Vorland og Nils Vidar Hopland (begge bak, utan vestar). Dei åtte lokale hjelpekorpsarane som var på vakt, var glade for å få sjå nærare på det nye hjelpemiddelet. Frå venstre: Lars Helge Steinsland, Andreas Kaldestad, Robin Totland, Gunn Kristin Raudstein, Hazel Ann Raudstein, Astrid Elise Skåle Hansen og Svein Arild Kjærland.

Artikkelen er over 2 år gammel

Det lokale hjelpekorpset fekk i helga besøk av representantar frå Hordaland Røde Kors, som viste fram ei heilt ny kommandovogn. Ved leiteaksjonar og andre utrykkingar kan denne bli eit viktig hjelpemiddel.

DEL

- Dette er den første kommandovogna som er blitt produsert for oss i Hordaland Røde Kors. No er det kome ein til, den skal stå fast i Odda som beredskap med tanke på Trolltunga. Den skal òg kunna nyttast av Kvinnherad Røde Kors ved behov, fortalde Kent Eivind Vorland, som er leiar for Hordaland Røde Kors Hjelpekorps.

Ei kommandovogn er tenkt å fungera som ein sentral og eit krypinn ved leite- og redningsaksjonar der det ikkje er andre høve for tak over hovudet. Den er innreia med mykje viktig utstyr, og er som eit konferanserom der dei som har koordineringsansvaret ved aksjonar kan sitja å jobba. Totalt ønskjer ein å ha fem slike vogner tilgjengelege i Hordaland. Også i andre fylker har ein slike.

- Eit høve på når ei slik kommandovogn har kome til god nytte, var under storbrannen i Lærdal. Då kunne dei som trong det koma innom vogna og nytta sambandet, og vogna fungerte òg elles som eit samlingspunkt under katastrofen, forklarte Vorland.

I påsken har Hordaland Røde Kors hjelpekorps reist rundt og demonstrert vogna for ulike lokale hjelpekorps i fylket. I Kvinnherad og Fjellhaugen var dei frå påskeaftan til 1. påskedag. Operativ leiar i Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps, Hazel Ann Raudstein, var veldig glad for å få bli betre kjend med det nye hjelpemiddel som òg vil koma dei til gode ved behov.

- Det er trygt å kunna ha ei sånn vogn i beredskap. Vi har jo fleire stadar her i Kvinnherad òg der det ikkje finst bygningar vi kan nytta til aksjonar, til dømes ved Møsevatn. Då er det kjekt å vita at vi no vil kunna ringa Odda og få dei til å koma hit med vogna ved behov, meinte ho.

Roleg påske for hjelpekorpset

Då Kvinnheringen var oppom på besøk for å sjå den nye kommandovogna, var åtte lokale hjelpekorpsarar på vakt i Fjellhaugen. I ti dagar i strekk skal dei ha folk klar til utrykking her oppe, og dei fortel om ei roleg påske med få hendingar.

- Vi har ikkje hatt nokre leiteaksjonar i påsken. Litt småskadar blir det alltid blant skikøyrarane, men ingenting alvorleg har hendt i påsken, heldigvis, fortalde Hazel Ann Raudstein.

Også i resten av Hordaland har det vore ei roleg påske for hjelpekorpsarar.

- Dette har ein klar samanheng med at påsken er seint i år, for dette ser vi kvart år: Tidleg påske betyr mange aksjonar, sein påske betyr som regel rolegare påske, fortalde Kent Eivind Vorland.

Sjølv om trekket i Fjellhaugen no er stengt, vil hjelpekorpset halda fram med å vera til stades ut påsken.

- Det er alltids folk som går på ski sjølv om trekket er stengt, og vi prøvar å køyra litt rundt på snøscooteren for å visa folk at vi er til stades. Mange gir tilbakemeldingar på at dei synest det er ein tryggleik i at vi er her, sa ho.

Dessutan brukar dei tida til å øva seg på ulike redningsoperasjonar og anna.

- Er det kjekt å vera på vakt her i påsken?

- Ja, det er utruleg kjekt. Veldig sosialt og gøy, smilte Lars Helge Steinsland.

Artikkeltags