Starta opp Røde Kors Ungdom

Denne gjengen møtte til første Røde Kors Ungdom-møte på Husnes måndag: Frå øvste rekke, til venstre: Belinda Øvstebø, Andrine Hansen, Synne Marie  Handeland, Anders Dyrhaug, Ørjan skaga, Sarosh Maqbool, Cheyenne Marie Rørvik (leiar), Jeanette Hasle, Gunn Kristin Raudstein og Kathrin Rubeau. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 4 år gammel

Måndag kveld var 13 unge samla til det første møtet til Kvinnherad Røde Kors Ungdom.

DEL

Initiativtakarane Cheyenne Marie Rørvik (leiar) og Jeanette Hasle Helle (nestleiar) er nøgde med oppstartsmøtet til Røde Kors Ungdom måndag.

– Med oss leiarar, og besøket vårt Ørjan Skaga frå distriktskontoret til Røde Kors, var vi 13 stykk på møtet, fortel Rørvik.

Kvar måndag skal ungdomane møtast i Røde Kors-huset på Husnes, og vonar endå fleire ungdomar mellom 13–30 år, som er engasjerte i humanitært arbeid, vil engasjera seg.

– Vi snakka om at vi vil fokusera ein del på migrasjon, og har mellom anna planar om å starta opp ei gruppe som heiter Multimix – ein møteplass med kjekke aktivitetar for ungdom frå alle kulturar, seier Rørvik.

Røde Kors Ungdom er eit rådgjevande organ for ungdomsspørsmål i Norges Røde Kors. Haldningsskapande arbeid og politisk påverknad er av Røde Kors Ungdom sine overordna mål, og gruppa vil løysa humanitære utfordringar gjennom engasjement, demokrati og kunnskap.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken