Følgjande rømmingar frå opprettsanlegg er registrerte i Kvinnherad frå 2014 og fram til dags dato: (Kjelde: Fiskeridirektoratet)

Dato Lokalitet Selskap Tal stk. (ca)
10.08.14 Skorpo NV Sjøtroll/Lerøy 48.319
10.08.14 Hågardsneset Eide Fjordbruk 748
18.12.14 Høysteinen Marine Harvest 14.292
10.01.15 Hågardsneset Eide Fjordbruk 2.217
10.01.15 Brandaskuta Eide Fjordbruk 3.494
21.05.15 Høysteinen Marine Harvest mistanke (*)
31.08.15 Nebbo Lingalaks/Fylkesnes Fisk mistanke
07.10.16 Sundal Sjøtroll «over tusen» (**)
06.11.16 Nebbo Linga mistanke
19.11.16 Brandaskuta Eide Fjordbruk AS mistanke
26.11.16 Høysteinen Marine Harvest 5
20.12.16 Åkre Marine Harvest 8.420
14.06.17 Settefiskanlegg Sundal Sjøtroll ca. 500 regnbogeaure yngel

* Med «mistanke», så meiner ein mindre hol som er oppdaga, og som kan ha medført rømming, men som truleg er av eit lite omfang dersom det eventuelt har vore rømming.

**«Over 1000) tyder at det her er tale om rømming av regnbogeaure i eit forholdsvis tidleg stadium, der det er vanskeleg å få oversikt over kor stor rømminga kan ha vore

Reportasjeserien «Spelet om fisken»

I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».

I denne del 1 av reportasjeserien «Spelet om fisken» har vi sett nærare på oppdrettsnæringa i kommunen vår. Kva blir produsert her? Kor mange er sysselsett i næringa? Kva ringverknadar har den? Korleis er utviklinga i bransjen? Kva seier oppdrettarane sjølve?

Dei neste delane av reportasjeserien kjem på trykk følgjande datoar:

Fredag 18. mai – Del 2: Villfisk og forsking

Fredag 25. mai – Del 3: Støyen i Guddalselva