Tracy Kheder og Jarle Samuelsen har lenge venta på løyve frå Arbeidstilsynet om å få byrja å innreia Rosendal Iseri i Skålafjæro. Dei har endeleg fått klarsignal frå Arbeidstilsynet og ventar no på eit ja frå kommunen.
– Vi satsar på å få opna tidleg i haust, seier Samuelsen til Kvinnheringen.

Sommarpraten: Stine Haga (18)
Dei vart sjølvsagt skuffa over å ikkje få opna til sesongen, men desse to let seg ikkje stoppa så lett. No er isvogna open, og dei planlegg i tillegg å byrja å selja varme vaflar. Kheder er også inne på tanken om å byrja med is-levering, men det er framleis berre ein tanke.
– Det har gått kjempefint, det har vore litt mindre folk, men eg vil tru det er på grunn av vêret. Det er så fint her nede, atmosfæren og stemninga er fantastisk, seier Kheder.
Iseriet serverer mykje forskjellig is og har eit tilbod til dei fleste, både vanleg is, vegetarisk og laktosefri.
Dagfinn og Borgfrid Solberg frå Fusa sit og nyt ein varm kopp kaffi medan dei ventar på å få gå på konsert i Baroniet då Kvinnheringen er innom tysdag.