Her er menyen for Rosendal Fest

TIL ROSENDAL FEST: Legendene i Bergen Blues Band spelar torsdag både nye låtar og sine største hits på Rosendal Fest på Snikkeriet. (Pressefoto).

TIL ROSENDAL FEST: Legendene i Bergen Blues Band spelar torsdag både nye låtar og sine største hits på Rosendal Fest på Snikkeriet. (Pressefoto).

Neste veke er det endeleg klart igjen for Rosendal Fest på Snikkeriet, og det fire dagar til ende.

DEL

Når The Birzday Boyz opnar Rosendal Fest onsdag, er det berre å ta på seg både imaginære slengbukser og platåsko, for då vert det 70-talsfest og Woodstock-stemning på Snikkeriet. Bandet spelar eigne tolkingar av låtar av mellom andre Deep Purple, Jimi Hendrix og Pink Floyd. The Birzday Boyz består av dei lokale kvalitetsmusikarane Roger Dalland på gitar og song, Bjarne Øymyr på piano og synthesizar, Per Bråtun på bass og Tor Øystein Havnerås på trommer.

Torsdagen er det fri entré på Køntri-Pubjam.

Legendene i Bergen Blues Band samlast att fredagen. Bandet starta opp i 1974 og var svært populært på 70- og 80-talet, med hitlåtar som «Jump`n Shout`n Dance» og «Another Blues». Dei spela på festivalar og klubbar over heile Skandinavia og var på hitlistene i fleire land. No er bandet samla igjen, og skal framføra både nye låtar og største hits på Snikkeriet. Bandet består av John Magnar Bernes (vokal/munnspel), Ole Thomsen (gitar), Aril Seim (gitar), Atle Mjørlaug (bass) og Willy Korneliussen (trommer).

Anders kjem

Laurdag kjem Anders Kristensen til sine eigne. Kristensen er rosendeling og er no ein populær eventmusikar også i Stavanger. Her spelar han fast på Garman Musikkpub og framfører eigne og andre sine låter. Han har ein eigen fan-skare i Kvinnherad og leverer alltid høg stemning. Saman med Kristensen kjem Glenn Lyse, hovudperson bak «Stavangerkameratene». Han er også godt kjent frå Norske Idol 2007 og Stjerner i Sikte i 1996. Dei to kameratane spelar mykje musikk frå Motown-tida, i tillegg til eige materiale og populærer låtar som dei gjer til sine eigne versjonar. Når Lyse og Kristensen går saman på laurdag, vert det ein eksplosiv og personleg konsert og dans for publikum, lovar Snikkeriet i ei pressemelding.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags