Festivalklart i Rosendal

Leif Ove Andsnes byr på ein ny, spennande kammermusikkfestival denne helga. Her ser vi han saman med fiolinist C. Tetzlaff under fjorårets festival.

Leif Ove Andsnes byr på ein ny, spennande kammermusikkfestival denne helga. Her ser vi han saman med fiolinist C. Tetzlaff under fjorårets festival. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Komande helg blir alt anna enn ei vanleg helg i Rosendal. Bygda skal fyllast med musikk og musikarar av høg klasse. Baroniet og Leif Ove Andsnes slår nemleg på stortromma igjen. Torsdag 9. august går startskotet for den tredje Rosendal Kammermusikkfestival med Andsnes som kunstnarisk leiar. På programmet frå torsdag til søndag står sju konsertar i den staselege Riddersalen, tre konsertar i den intime og herskapelege Røde Sal og to konsertar i den freda Kvinnherad kyrkje. I tillegg er det lagt opp til sju temaføredrag, ope slott og kunstutstilling.

«I skyggen av en krig (1914-1918)»

er festivaltittelen i år. Det betyr at det aller meste som blir framført er skrive under, eller inspirert av, første verdskrigen.

Pianist og festivalgrunnleggjar Leif Ove Andsnes er med på fleire av konsertane, men lista over dei andre glimrande musikarane gir meir enn god grunn til å lytta til alle konsertane. Den imponerande musikarlista ser slik ut: Matthias Goerne (baryton), Anna Prohaska (sopran), Kirill Gerstein, Bertrand Chamayou, Eric Schneider, Ingrid Andsnes (klaver), Henning Kraggerud, Akiko Suwanai, Johan Dalene (fiolin), Lars Anders Tomter (bratsj), Edgar Moreau (cello), Dover String Quartet, Andreas Ottensammer (klarinett), Guy Eshed (fløyte), Sivan Magen (harpe) og Tim Gibbs (kontrabass).

Som eit ekstra krydder til det flotte konsertprogrammet inviterer baroniet til «Ope hus på Slottet» med musikk av elevar frå Kvinnherad kulturskule i alle rom. Det skjer fredag ettermiddag.


Ledige billettar

Like før helga la baroniet ut ein del ekstrabillettar til konsertane. Dei som var for seine med å sikra seg billettar i første runde, har med det fått ein ny sjanse no.

Artikkeltags