Brass og korsong til jul

Rosendal Musikklag har eit raust program for advent og jul. 21. desember vert det kyrkjekonsert. Bildet er frå ein tidlegare kyrkjekonsert.

Rosendal Musikklag har eit raust program for advent og jul. 21. desember vert det kyrkjekonsert. Bildet er frå ein tidlegare kyrkjekonsert.

Rosendal Musikklag presenterer eit flott program for adventstida. Først på lista står julematinéen på søndag.

DEL

Musikklaget slår på stortromma denne jula. Første spretten er julematiné i Rosendal samfunnshus førstkomande søndag – med Rosendal og Uskedal skulekorps som gjester.

Den store kyrkjekonserten går av stabelen i Kvinnherad kyrkje fredag 21. desember, denne gongen med det nystarta koret Cantus Firmus som gjester.

Sjølve julaftan trør korpsa til igjen med musikk i Kvinnherad kyrkje, då med eit felleskorps av store og små frå dei tre korpsa.

Oppvarminga til skulekorpsa og Rosendal Musikklag B må ikkje gløymast. Dei unge speler under tenning av julelysa i Skålagato torsdag i denne veka, medan B-gjengen trør til på marknadsområdet til Jul i Rosendal førstkomande laurdag.

– Sidan musikklaget ikkje har delteke på Siddis Brass i haust, har vi hatt tid til å fordjupa oss ekstra i juleprogrammet. Førre helg hadde vi eige seminar med juletema, ein luksus vi ikkje plar ha tid til, skriv leiar Kristin Lamberg i ei pressemelding.

Ho lovar eit bra program.

– Det vert spennande program både på julematineen på søndag og på kyrkjekonserten 21. desember. Vi presenterer tradisjon, men òg kjende songar i nye arrangement, og truleg kan publikum få høyra eit stykke som aldri er spelt av brassband før! Nydelege solostykke, mektige fellesopplevingar og god julestemning ventar, lovar Lamberg.


Sebastian dirigerer

Den faste dirigenten er bytt ut med ein prosjektdirigent for jula, nemleg Sebastian Lamberg Torjusen. I tillegg til å dirigera arrangerer han òg musikk for musikklaget. Dei flinke musikantane i skulekorpsa vert dirigerte av Tor Skeie Olsen, og det nystarta lokale koret Cantus Firmus er under musikalsk leiing av Rebekka Attramadal.

– Korpsa gir full gass og held svært gamle lokale tradisjonar i gang i tida før jul. Vi gler oss til å dele julemusikkglede med publikum, helsar Kristin Lamberg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags