22 spente unge korpsmusikantar skal på scena laurdag ettermiddag i lag med ein kvintett frå elitekorpset Eikanger-Bjørsvik musikklag. Ein av desse frå kvintetten er Sebastian Lamberg Torjusen, som har vore ein del av Eikanger-Bjørsvik sidan 2019, og som no er gruppeleiar der for tuba.

– Dei fire andre som kjem på laurdag er også gruppeleiarar på sine instrument. Noko skal vi framføra i lag med skulekorpset, noko framfører vi som ein kvintett åleine. Og skulekorpset skal òg spela åleine, fortalde Sebastian då Kvinnheringen var innom den hektiske øvinga torsdag ettermiddag.

Det var Sebastian som dirigerte dei unge musikantane, som øvde på repertoaret for den store kvelden.

– For berre ein månad sidan deltok dei på UKM, og no har dei eit nytt repertoar til denne konserten, så dei har ikkje hatt så mykje tid på seg. Men det skal gå bra likevel, for trass i ung alder er dei flinke, og tar ting raskt, fortalde han.


Sikra rekruttering

Under denne øvinga var det to kveldar att til den store familiekonserten i samfunnshuset, som skal markera at Rosendal skulekorps er heile 60 år i år.

Det var i 1961 at musikklaget først såg dagens lys. Rosendal musikklag starta opp allereie i 1896, og på slutten av 1950-talet såg medlemmane at det var trong for å gjera nokre grep for å sikra rekruttering.

– Så då starta altså skulekorpset opp, og far min, Jon, var av dei som tok initiativ til dette og blei den første dirigenten deira. Dei fekk til eit samarbeid med husmorlaget i bygda for å få samla inn pengar til å kjøpa instrument for. Sjølv blei eg med i skulekorpset i 1964, då var eg åtte år, fortel Jon Storækre, som framleis er ein aktiv korpsspelar.

I tillegg til Jon Storækre (senior), var Hans Uppheim og Knut E. Skåla sentrale i oppstarten.

– Det er mange som har gått i notelære hos Knut opp igjennom, seier Jon Storækre (junior).

Skulekorpset utvikla seg og blei retteleg dyktige ettersom tida gjekk, og fleire av musikantane spelar den dag i dag i A- eller B-gjengen til Rosendal musikklag.

– På slutten av 1960-talet vart det faktisk også laga ein drilltropp knytt til korpsa, noko jentene i bygda syntest var veldig stas, fortel Jon Storækre.

Sosialt

Gjennom 60 år med skulekorpshistorie har det sjølvsagt svinga litt opp og ned med rekrutteringa, men at det no er 22 unge musikantar i korpset meiner Jon er veldig bra.

– Den kjensla ein får av å spela i korps er veldig god. Det er så fint å spela saman med andre, seier han.

Samhaldet og gleda som Jon skildrar, er det tydeleg at også dei unge musikantane kjenner seg att i. Under pausen i øvinga var det is-eting, tikken-leik og mykje latter.

– Korpsspeling er gøy og sosialt, smilte Reidunn Seim Steffensen, som leiar skulekorpset på tredje året.

Emilie Fredheim Aas (12) og Sigrid Johanne Ulvestadbakken (10) var heilt samde i dette.

– Eg likar meg veldig godt i korps, og det blir kjempespennande å spela på laurdag, fortalde Emilie, som spelar euphonium.

– Har de spela mykje for publikum før?

– Ja, vi har jo vore med på Hordablesten, kunne Sigrid Johanne fortelja. Ho spelar horn.

– Blir det skummelt å halda konsert framfor det som kan bli ein full sal her heime?

– Nei, ikkje skummelt, mest gøy. Men vi må jo sjølvsagt øva mykje, forklarte dei.

– Kva gler de dykk mest til på laurdag, då?

– Utanom å spela? Å eta is, gliste Emilie, som under intervjuet fullførte nettopp ein is.

– Is-eting er ein del av korpslivet, altså?

– Ja, så klart, gliste venninnene.

Frå marsj til rock'n roll

Og is-eting kunne dei bu seg på med rette. Korpsleiar Reidunn kunne fortelja at den føreståande konserten også ville bli ei innviing av det nye kjøkenet i samfunnshuset, som er monaleg oppgradert etter midlar frå Sparebank1-stiftinga.

– Det blir isbar, så her kan alle som er glad i iskrem gleda seg, lova ho, og la til at ho håpte på fullt hus.

– No er det jo ingen restriksjonar meir, så her håpar vi folk tar med seg tanter, barn, bestefedrar og alt som er, og kjem på kjekk konsert, smilte Reidunn, som la til at ein også kunne kjøpa billett i døra.

Sebastian fortalde at dei legg opp til eit klassisk jubileumsprogram med eit spekter som spenner frå marsj til rock'n roll. Kvintetten vil by på alt frå det seriøse til «svisker», så her er det berre å gleda seg, blunka tubaisten.