– Koronatida har tunna ut speidargruppa i Rosendal, og no ynskjer vi å få attende medlemmane våre, og at fleire skal få augene opp for alt det kjekke me gjer, seier Gunn Kleppe, Rune Kleppe (32) og Mari Mehl Willumsen (29), tre av dei ivrige leiarane i Rosendal speidargruppe.

Dei hadde bygd leir på nedsida av Rosendal ungdomsskule for anledninga, og tok hjarteleg imot alle som kom innom den dagen.

– Det beste med speidaren er at borna lærer seg å bli sjølvstendige og kreative, synest Rune Kleppe. Her får borna prøve seg ut og oppleva meistring, seier han.

– Dessutan lærer dei seg å bli glad i naturen og å vera ute, fortset Mari Mehl Willumsen.

Vegard Ørbeck (12) kom heilt frå Husnes for å delta på arrangementet. Han har tidlegare vore speidar der, men no for tida finst ikkje dette fritidstilbodet på Husnes, fortel han.

– Eg likar speidaren for då får eg komma meg ut i naturen. Det likar eg, seier han.

Søstera Solfrid (10) har òg vore speidar før, og vurderer å begynne att no.

Stina Haugse (10) har gleda seg heile sommaren til å bli med i speidaren.

– Det verkar veldig gøy, forkynner ho smilande. – Dessutan blir du sprek, for du går på tur og sånn. Eg har mitt eige pop up-telt heime i hagen, så eg kan litt kan litt frå før, fortel ho stilt medan ho kosar litt med hunden.