Det naturlege spørsmålet til trenar Trond Inge Haugland er sjølvsagt kva han sa til spelarane i pausen.

– Det var ikkje så mykje skryt, men handla mest om at vi på ingen måte skulle gi oss. At vi skulle bretta opp ermane, springa og jobba for kvarandre. Og det vart gjort!

Haugland er strålande nøgd, stolt og imponert over det som skjedde i andre omgang.

– Det er veldig lett å gi opp når ein ligg under såpass mykje til pause, så dette var sterkt av spelarane mine, seier Haugland.

Første omgang vart prega av at Hovding skåra mål på dødballar, anten det var hjørnespark eller frispark-innlegg.

– Rett nok starta vi bra i første omgang og tok leiinga. Men så byrja det å knyta seg, det vart gjort dumme feil og vi fekk store problem med dødball-situasjonane og baklengsmåla rann inn, fortel Haugland.

Andre omgang vart heldigvis andre bollar. Rosendal-spelarane gjorde akkurat det Haugland har terpa på i treningane, noko han sjølvsagt er nøgd med.

– Dei jobba, sentra, sprang og gjorde kvarandre gode.

Eit kvarter ut i andre omgang fekk Anders Saghaug sin debut.

– Han har musklar, er ein typisk stoppar og gjorde det bra. Vi byrja å vinna ein-mot-ein-duellane, kanstpelarane gjekk på løp og backane overlappa, rapporterer trenaren.

Sjølv om Rosendal viste musklar i andre omgang, fortel Haugland at laget no har spela sju kampar på rad utan gule kort. Det er både positivt og negativt:

– Det er bra at vi ikkje får kort for munnbruk, men det er lov å trø til i taklingane.

Haugland meiner sigeren var vel fortent, om den enn sat langt inne. Utlikningsmålet kom i det 90. minutt – og sigersmålet i det 92.

– Det var heilt topp å vinna på denne måten – ei god kjensle for alle og ein veldig viktig, første siger, seier Haugland.

Rett nok tok Rosendal sine første tre poeng i førre serierunde, men det var fordi motstandaren ikkje møtte.

– No vann vi fordi vi gjorde som planlagt. Utruleg kjekt å sjå at det gav resultat, seier Haugland.

Fakta:

6. div. fotball menn,

laurdag 10. juni:

Hovding–Rosendal 5–6 (4–1)

0–1 09. min.: Dennis Gamst

1–1 14. min.

2–1 20. min.

3–1 22. min.

4–1 45. min.

4–2 52. min. Svein Bjørke

5–2 54. min.

5–3 58. min. Kenneth Gjuvsland

5–4 72. min. Torbjørn Steinsvik

5–5 90. min. Kenneth Gjuvsland

5–6 92. min. Tord Guddal

Gule kort: To til Hovding.

Rosendal: Ola T. Hunstad, Kjetil Helvik, Svein Bjørke,  Ttorbjørn H. Næs, Marcus H. Såtendal, Torstein Myklebust, Torstein K. Olsen, Sander Myklebust, Kenneth Gjuvsland, Jarand G. Naterstad, Dennsi Gamst:

Innbytarar: Mats Eik, Anders Saghaug, Tord Guddal, Torbjørn Steinsvik.

Tabell finn du her.