Vann i siste sekund

Rosendal/Trio. (Arkivfoto).

Rosendal/Trio. (Arkivfoto).

I ein jamn bortekamp mot Tertnes søndag sytte Tina Abdulla for damelagsiger i aller siste sekund.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Nei, det var ikkje handballkamp, men Bergen-busette Tina Abdulla stilte opp for Rosendal/Trio sidan det var kamp i «nabolaget».

– Sigeren sat langt inne – det var veldig gøy å vinna no etter tre uavgjorte kampar, seier trenar Futsum Mebrahtu.

Han fortel om ein jamspelt kamp der Rosendal/Trio tok initiativet og gjekk opp i leiing alt etter ni minuttar.

– Vi starta med høgt press og hadde ballen mest i starten. Men det var få sjansar – berre ein utanom dei to som resulterte i mål, fortel Mebrahtu.

Tertnes utlikna til 1–1. I det 27. minutt dribla Kjersti Næs seg inn i 16-meteren til Tertnes der ho vart felt. Kristine E. Medhus sette inn straffen og Rosendal/Trio-tok leiinga igjen.

I andre omgang slapp Rosendal/Trio heimelaget meir inn i kampen, og 2–2-utlikninga kom om lag 20 minutt inn i omgangen.

– Etter det tok Tertnes føringa ei stund, men så gjorde me nokre byte og løfta oss litt. Kampen vart veldig jamn med mykje kriging på midten, fortel Mebrahtu.

Begge laga ville vinna – i fjor klarte Rosendal/Trio å spolera opprykkssjansen til Tertnes, og det låg eit ønskje om revansje i lufta.

– Vi flytta opp to spissar, og litt etterpå gjorde Tertnes det same. Det kunne gått begge vegar, vedgår Mebrahtu.

Til slutt gjekk det altså den vegen Tina sparka.

– Og det var eit flott vinnarmål. Kjersti Næs førte ballen frå midtbanen heilt ned på om lag 20 meter, før ho sentra til Tina Abdulla. Tina avslutta, men fekk ikkje ballen inn på første forsøk. Ingeborg Ljostveit fanga opp returen, la inn og då kunne Tina setja inn sigersmålet på nær ope mål.

– Det var så i siste sekund at det vart ikkje tatt avspark etterpå ein gong, fortel ein svært nøgd trenar.

– Utruleg kjekt med ein trepoengar på denne måten! legg han til.

Kjærsti Næs og midtstoppar-duoen Kristine Medhus og Sara Guddal får ekstra skryt for strålande innsats.

– Kjersti laga mykje trøbbel for Tertnes-jentene, rosar Mebrahtu.

Søndag spelar damelaget heimekamp mot botnlaget Smørås.

Fakta

4. div. kvinner,

søndag 11. juni:

Tertnes–Rosendal/Trio 2–3 (1–2)

Mål for Rosendal/Trio: Ingeborg S. Ljostveit (9. min.), Kristine E. Medhaug (27. min. straffespark), Tina Abdulla (94. min.)

Rosendal/Trio: Erna Mikkelsen, Lise Sætrevik, Kristine E. Medhaug, Sara Guddal, Anita Simensen, Gørill S. Eik, Kari Bråtun, Kjersti Næs, Sunniva Solfjell, Ingebjørg Haugland. Ingeborg S. Ljostveit.

Innbytarar: Ida E. Stensletten, Cecilie Håvik, Tina Abdulla, Katrine Røssland.

Gule kort: E. Mikkelsen pluss eitt til ein Tertnes-spelar.

Tabell finn du her.

Artikkeltags