– For å bli god må du ha det gøy

Arvid Næs (t.v.) i Rosendal Turnlag si fotballgruppa avslørte at Johnny Furdal spelte fotball så ofte han kunne i oppveksten, også på julafta.

Arvid Næs (t.v.) i Rosendal Turnlag si fotballgruppa avslørte at Johnny Furdal spelte fotball så ofte han kunne i oppveksten, også på julafta.

Artikkelen er over 1 år gammel

Bodskapen var klar på Rosendal Turnlag sin fagdag. Skal barn og unge drive med idrett og trening så må dei fyrst og fremst ha det kjekt. Då vil også resultata komma.

DEL

Torsdag ettermiddag inviterte Rosendal Turnlag til fagdag i auditoriet i Rosendal ungdomsskule. Trenarar, frivillige, foreldre og utøvarar fekk fire timar med idrettsfagleg inspirasjon av svært kompetente foredragshaldarar.

– Tanken er at ein slik fagdag er ein fin læringsarena. Den gir fagleg påfyll og rom til å tenkja og reflektera rundt det ein jobbar med i kvardagen. Vi ynskjer å løfta heile organisasjonen med dette, sa Jonathan V. Byrkjenes, dagleg leiar i Rosendal Turnlag, før fagdagen.

Han fortalde at for å få idrettslaget til å gå rundt er ein heilt avhengige av dei mange ressurspersonane som bidreg.

Banksjef i Sparebanken 1 SR-Bank, Ivar Gundersen, fortalde om forholdet mellom banken og idrettslaga og andre frivillige organisasjonar.

– Vi er stolte over at vi kan bidra med sponsing og eg er opptatt av å vera synleg lokalt. Vi vil jo at banken skal vera den banken folk føretrekk lokalt og eg ynskjer meg samarbeid og at vi byggjer kvarandre opp, sa Iversen.

Dagleg leiar, Jonathan V. Byrkjenes (t.v.) og styreleiar, Jostein Hatteberg, i Rosendal Turnlag inviterte torsdag kveld til fagdag i Rosendal ungdomsskule.

Dagleg leiar, Jonathan V. Byrkjenes (t.v.) og styreleiar, Jostein Hatteberg, i Rosendal Turnlag inviterte torsdag kveld til fagdag i Rosendal ungdomsskule.

Olympiatoppen Vest og Fana IL

Foredragshaldarar frå både Olympiatoppen Vest og Fana Idrettslag auste av sin kunnskap om idrett for barn og unge og om korleis driva idrettslag.

– For å nå toppen er det viktig å ha ein plan for utviklinga for korleis ein trener og kor mykje ein trenar, fortalde Morten Iversen frå Olympiatoppen Vest. Han peika på kor stor ressurs det er at foreldre er trenarar, men også kva ein må vera klar over når ein trener eigne born.

– Trenarar, kameratar og foreldre er viktige, men utøvaren må gå vegen sjølv. Det er opp til ein sjølv kor god ein skal bli. Det er lettare når ein syns at trening og konkurransar er gøy, fortalde han.

Even Bjorvik og Morten Iversen frå Olympiatoppen Vest ga idrettsfagleg input til deltakarane på fagdagen.

Even Bjorvik og Morten Iversen frå Olympiatoppen Vest ga idrettsfagleg input til deltakarane på fagdagen.

– Ikkje tenk på ein isbjørn

Even Bjorvik frå Olympiatoppen er mental trenar og forklarte korleis tankar påverkar prestasjonen. Utøvarane i verdstoppen er enormt gode til å fokusera i konkurransar. Dei set mental trening på linje med fysisk, taktisk og teknisk trening og kan såleis gjera det beste ut av ein kvar situasjon.

– Tankar kan byggja oss opp, og tankar kan byggja oss ned. Begge deler påverkar prestasjonane.

Han fekk salen med på eit tankeeksperiment; å ikkje tenka på ein isbjørn i eit heilt minutt. Slik viste han det store paradokset med at det vi ikkje ynskjer å tenkja på, er nettopp det som blir fokuset vårt.

– Til dømes bør du ikkje seie til ein utøvar at «no må du ikkje brenne straffen», for då blir det nettopp det som er fokuset. Du kan vera sikker på at ballen blir skoten langt over målet. I staden bør du seie «fokusér på det du skal treffa», rådde Bjorvik.

Johnny kom heimom

Johnny Furdal kom til sine eigne. Han fortalde om både medgang og motgang på vegen frå Dimmelsvik til å bli ein feira fotballspelar i Viking.

– Fotball var alt i barndommen og har fortsatt å vera det gjennom heile livet, sa Furdal.

Han fortalde om ein svært aktiv og allsidig barne- og ungdomstid, der fotballen heile vegen var sentral.

– Det aller viktigaste for meg har vore å ha den indre motivasjonen. Og å trena mykje aleine og saman med kameratar, å ikkje berre spela fotball på trening.

Og til dei frammøtte ungdommane hadde han eit råd:

– Du må ha det gøy. Viss du ikkje har det gøy så kjem du ingen plass.

Ingen tvil om at den unge Furdal synest fotball er gøy. Arvid Næs i fotballgruppa kunne etter foredraga røpa at han ofte låste opp gymsalen i Rosendal samfunnshus til Johnny Furdal, slik at han og kameratane fekk spela.

– Han ringte til og med på julaftan. Det har ingen gjort før, Johnny er heilt spesiell, sa Næs.

– Det stemmer det, vi spelte både julaftnar og nyttårsaftnar. Men kva med deg? Du kom jo for å låsa opp for oss, kontra Furdal med eit smil.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags