Rosendal Turnlag har tilsett Jonathan Varela Byrkjenes (26) som administrativ sportsleg koordinator. Dette går fram av ei pressemelding RTL sende ut måndag. Trass ung alder, har Byrkjenes ein lang idrettsleg karriere bak seg, og har drive med langrenn, fotball opp til kretslagsnivå, og ikkje minst friidrett. I sistnemnde grein satsa han for fullt då han vart teken ut på juniorlandslaget. Byrkjenes kjem til Rosendal med bakgrunn frå vervet som sportsleg leiar i toppidrettsklubben IL Norna-Salhus.

– Å få ein profesjonell leiar på plass er noko vi har snakka lenge om i Rosendal TL, og på årsmøtet i mars vart dette formelt vedteke. Vi fekk inn fleire kvalifiserte søkjarar. Etter intervjurunden bestemte styret seg for Byrkjenes, og vi er veldig nøgde med at han takka ja til jobben, uttalar hovudstyret i Rosendal Turnlag i pressemeldinga.

– Tida vil elles visa litt etter kvart kva som blir viktig å gripa tak i, for vi skal ikkje underslå at rolla som arbeidsgivar er heilt ny for Rosendal Turnlag, heiter det vidare i pressemeldinga.

Stillinga er ei 50%-stilling, og Byrkjenes tar til i jobben 1. oktober.

– Utarbeiding og etablering av sportslege planar, strategiar og retningsliner er noko vi har streva med å få plass tidlegare. Dette, saman med samarbeid og kompetansebygging, aktivitets- og arrangementsutvikling i laget og gruppene, blir difor viktige arbeidsoppgåver for Byrkjenes.

Byrkjenes har solid erfaring, mellom anna er han idrettslærar ved Metis-akademiet i Bergen. Han er òg godkjent manager og utøvarrepresentant frå Norges Friidrettsforbund.

– Og når vi i tillegg veit at han er ein svært hyggjeleg, sosial og engasjert kar som likar folk og utfordringar, er vi overtydde om at Byrkjenes har alle kvalitetar og er den rette til å utvikla laget vidare, uttalar hovudstyret i pressemeldinga.