Gå til sidens hovedinnhold

Rosendal gjekk vidare til landsfinalen

Artikkelen er over 3 år gammel

Elevane frå Rosendal ungdomsskule gjorde det skarpt i fylkesfinalen av Klassequizen, og er med det vidare til landsfinalen.

Etter å ha hamna blant dei med aller høgast poengsum av dei 26 skulane som deltok i Klassequizen til NRK Hordaland tidlegare i år, kom Rosendal ungdomsskule vidare til fylkesfinalen. Den gjekk av stabelen i Mediahuset i Bergen no i ettermiddag, der Rosendal møtte skulane Meland, Nattland og Lindås. Og for ein spennande finale det blei! Nokre tekniske problem klarte ikkje å leggja dempar på det. Etter hovudrunden vart det klart at Meland var vidare til den nasjonale finalen, medan dei tre andre skulane alle stod att med like mange poeng kvar. Dermed vart det ekstraomgangar, og her var det duka for dramatikk. Først rauk Lindås då dei svarte feil på eit spørsmål, medan Nattland og Rosendal kjempa vidare, spørsmål etter spørsmål, der dei enten begge fekk rett eller begge fekk feil. Til slutt trekte Rosendal det lengste strået, då dei visste at kerrs pink er ein potet, medan Nattland svarte eple. Med det kunne Rosendal jubla for plass i den nasjonale finalen, som vert å sjå på NRK TV seinare i vår.

Kommentarer til denne saken