Gå til sidens hovedinnhold

– Det er du som kan redda liv!

Artikkelen er over 2 år gammel

Orda kjem frå Magny Bratsberg og går til ungdommane ved Rosendal Ungdomsskule. Måndag gjekk ho i gong med å kurse heile tiande trinnet i hjarte-lunge-redning (HLR).

Det er helselaga på Seimsfoss, Løfallstrand og Rosendal som i fellesskap betalar for HLR-kurset. Kurset tar for seg kva du skal gjera dersom du er førstemann til ein ulykkesstad eller du finn nokon livlaus. Skal du springa etter hjelp? Kan du gjera noko sjølv? I tilfelle kva? Og korleis var no eigentleg dette med brystkompresjon og munn-til-munn?

Det er betre å gjera noko enn ingenting

Magny Bratsberg frå Kvinnherad Førstehjelpsundervisning har hatt kurs sidan 2008. Ho syns at å ha kurs for ungdommane her er eit fantastisk initiativ frå helselaga. Denne månaden skal alle dei 42 ungdommane i tiande klasse gjennom to timar med både teori og praksis med ho.

– Det er du som er den viktige her, seier Bratsberg smilande til ungdommane. Det er du som legg grunnlaget for ambulansen og legen, så det er du som kan redda liv.

Ho fortel at det absolutt alltid er betre å gjera noko enn å vera passiv.

– Stemmer det at ein skal ta hjartekompresjon til takten av «Staying Alive»?, spør ein elev nysgjerrig.

– Akkurat det var noko ein sa meir før. No skal det gå fortare. Gjerne 100-120 kompresjonar i minuttet, forklarer Bratsberg.

Ho forklarer at det beste er å finna sin eigen takt og du treng ikkje å vera redd for å ta godt i. Du kan ikkje gjera noko gale.

Ei blanding av teori og praksis såg ut til å vera oppskrifta for å nå femtenåringane. Etter ei tid byrja spørsmåla å komma og då dei sjølve fekk prøva HLR-metodane på dei medbrakte dukkene, vart konkurranseinstinktet tent.

Viktig målgruppe

– Då helselaga tilbaud seg å sponsa HLR-kurs for eit av trinna her, takka vi sjølvsagt ja, seier Matthias Zimmermann, som er trinnleiar for det tiande trinnet ved Rosendal Ungdomsskule. Han fortel at det var skulen som bestemte at det var nettopp tiandeklassingane som skulle få gjennomføra kurset.

– Vi tenkte at kurset kunne vera bra for dei. Desse ungdommane er i ein alder der dei har byrja å ferdast meir ute, og kanskje vil møta på ein slik situasjon, utdjupar han.

– Det var veldig nyttig å ha nokre litt annleise skuletimar, seier Dina Gorm-Hansen Boot etterpå.

– Før kurset så var eg nok litt redd for å gjera feil, fortel Ingrid Solbakken Boot. Etter å ha tatt dette kurset så trur eg nok at det vil bli lettare å ta tak viss det skjer noko, lettare å hjelpa.

Kommentarer til denne saken