Dette er éin av mange grunnar til at elevane diggar den nye læraren sin

Han er ingeniøren som blei anti-materialist. No jobbar «stuntmann» og multitalent Daniel Kambestad med å læra ungdomsskuleelevar grunnleggande god motorikk. – I første rekke kjem god kontroll på kroppen. Så kan ein prøva seg på vanskelegare triks, meiner han.