Sponsorgåve gir vårvøling

VÅRPUSS: I desse dagar får mellom anna hovudhuset på avlsgarden under Baroniet Rosendal vedlikehald. 

VÅRPUSS: I desse dagar får mellom anna hovudhuset på avlsgarden under Baroniet Rosendal vedlikehald. 

Artikkelen er over 1 år gammel

Hovudhuset på Avlsgården ved Baroniet Rosendal får i desse dagar eit kjærkome ansiktsløft, med nykitta vindauge og nymalt eksteriør. Det er berre noko av all jobben som skal gjerast før sesongen startar.

DEL


I tillegg blir det i desse dagar gjort eit omfattande prosjektarbeid i Rosendal Have med restaurering av Havehuset, Båt & Vognhuset, dei gamle steingardane, samt trepleie av dei staselege gamle trea i og rundt Rosendal Have.

Arbeidet med eit nytt funksjonelt «backstage»-område bak Riddersalen er også i full gang.

Ferdig til sesongstart

Alt arbeidet vert gjort etter Riksantikvaren sine råd, basert på historisk dokumentasjon, og er gjort mogeleg med gåvemidlar frå Bara Eigedom og Trond Mohn.

Arbeidet skal vera ferdig før sesongstart i midten av mai. Anne Grete Honerød, direktør ved Baroniet Rosendal, beskriv gåva frå Bara Eiendom og Trond Mohn som svært kjærkomen.

– Alle dei dyktige handverkarene som no er i full sving gjer ein imponerande og beundringsverdig innsats for det unike nasjonale kulturminnet som Baroniet Rosendal er, rosar Honerød.


Artikkeltags