Endeleg får Rosendal sitt eige bygdelag

– Vi gler oss over at dugnadsviljen er god, som her 20. juni då gode krefter samla seg for å få styr på eit forvilla rosebed, skriv det mellombelse styret av Rosendal bygdelag. (Foto: privat)

– Vi gler oss over at dugnadsviljen er god, som her 20. juni då gode krefter samla seg for å få styr på eit forvilla rosebed, skriv det mellombelse styret av Rosendal bygdelag. (Foto: privat)

– Det er på høg tid at bygdefolket i Rosendal får eit felles talerøyr og ein arbeidsbenk der dei kan fremma gode forslag, oppgåver og trivsel.

DEL

Det skriv det mellombelse styret av det nye bygdelaget i Rosendal i ei pressemelding. Den 26. august vert det nemleg stiftingsmøte for Rosendal bygdelag på Rosendal Samfunnshus.

Det mellombelse styret består av Solfrid Hellesøy Siqveland, Marianne Helvik, Anne Sigrid Totland og Karin Thauland. Dei informerer i pressemeldinga om at stiftingsmøtet skal bestemma vedtekter, velja styre og finna dato for det første årsmøtet, som vil finna stad i februar 2020.

– Høve for samtale og kaffidrøs må vi også sjølvsagt ha, skriv dei i pressemeldinga.

Sakspapira til stiftingsmøtet vert tilgjenglege på Facebook, samt at dei vil ligga på rådhuset frå 12. august, slik at alle som vil har høve til å lesa gjennom dei på førehand.

– Samanfatta kan vi seia at Rosendal bygdelag skal vera for alle med fast bustad med postnummer 5470 Rosendal. Føremålet er å vera eit lag som skal styrka samhaldet og samarbeidet i bygda, og fremma ei positiv utvikling.

Tanken er at laget kan ha ansvar for felles tilstellingar og aktivitetar, vera kontaktorgan og ta opp til drøfting saker av felles eller lokal interesse. Styret skal ha fem medlemmar, og kan oppretta nemnder og grupper for arbeid med særskilde saker.

– Vi håper så mange som mogleg kan vera medlemmar, og ønsker alle velkomne til stiftingsmøtet! helsar det mellombelse styret.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags