Inviterer til seminar på tvers av kommunegrensene

SEMINAR: Neste veke er det norsk-skotsk mellomalderseminar i Agatunet og Baroniet Rosendal. Dette er ein del av Hardanger og Voss Museum og Baroniet Rosendal si satsing på forsking som ein del av sin formidlingsaktivitet.

SEMINAR: Neste veke er det norsk-skotsk mellomalderseminar i Agatunet og Baroniet Rosendal. Dette er ein del av Hardanger og Voss Museum og Baroniet Rosendal si satsing på forsking som ein del av sin formidlingsaktivitet.

Neste veke inviterer baroniet, saman med Hardanger og Voss museum til seminar om likskapstrekk mellom norsk og skotsk historie.

DEL

I samarbeid med Hardanger og Voss museum skal baroniet arrangera eit spennande seminar om likskapar og forskjellar mellom norsk og skotsk historie. Seminaret, som skal gå over to dagar, startar i Langmannsstova på Agatunet i Ullensvang, og fortsett i baroniet i Rosendal. Forskarar frå mellom anna London, Glasgow og Aberdeen kjem for å halda føredrag saman med fleire norske ekspertar, og alt vil føregå på engelsk. Målet med seminaret er å sjå eiga historie med nye auge, finna nye parallellar i utviklinga, og på denne måten både engasjera og overraska. Seminaret er ein del av Hardanger og Voss Museum og Baroniet Rosendal si satsing på forsking som ein del av sin formidlingsaktivitet.

Når ein ser på norsk og skotsk historie, finn ein fleire fellesnemnarar. Både fjordar og fjell, fiske og husdyr er gjengangarar hos begge. Landa har opp gjennom åra hatt sterke handelsrelasjonar til kvarandre, men trass i fleire fellestrekk har det vore forska lite på temaet. Dette vil arrangørane gjerne gjera noko med, og ein kan forventa seg spennande føredrag om mellom anna forskjellar og likskapar på rettsutviklinga i mellomalderen og handel og sjøfart etter reformasjonen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags