Endeleg vart det ny kai

Glade: Synnøve Solbakken og Lars A. Rødne gledde seg over det nye kaianlegget.

Glade: Synnøve Solbakken og Lars A. Rødne gledde seg over det nye kaianlegget.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Etter mange år med snakk og planarbeid, kunne ordførar Synnøve Solbakken stå for den offisielle opninga av den nye Skålakaien.

DEL

– Eg har høyrt om denne kaien sidan vi opna den nye ruta mellom Rosendal og Bergen, seier dagleg leiar i L. Rødne & sønner, Lars A. Rødne.

I går var han til stades då «Hardangerfjordekspressen» som første båt, kunne leggja til den nye Skålakaien i Rosendal. Med infrastruktur og diverse anlegg, er prislappen kome opp i 11 millionar. Prisen på kaien er 9,6 millionar. Det er Byggservice som har hatt oppdraget med å fullføra prosjektet som starta opp i februar i år. Litt problem har det oppstått undervegs, mellom anna på grunn av botnforholda. Men desse er løyste, og den 35 meter lange kaifronten som no er flytta lengre ut i sjøen enn tidlegare, står ferdig til bruk. Dette er òg starten på arbeidet med det nye Folgefonnsenteret som skal stå ferdig i august neste år.

– Dette er eitt av dei prosjekta som det har vore jobba med over lang tid, sa Synnøve Solbakken.

Det er Byggservice AS som òg har fått hovudentreprisen på Folgefonnsenteret. Sandvoll-bedrifta var einaste tilbydar i anbodskonkurransen.

Kvinnherad kommune sin byggjeleiar for det nye kaianlegget i Rosendal har vore Ivar Kåre Døssland.

– Mange av dykk kjenner meg nok, på godt og vondt, sa Døssland då han orienterte dei mange frammøtte om prosjektet.

Han hadde i utgangspunktet tenkt at opninga av den nye kaien skulle gå stilt og roleg for seg, utan nokon som helst markering, og heller venta til det nye Folgefonnsenteret skulle opnast. Men då protesterte Lars A. Rødne. Han meinte dette var ei så stor hending at den måtte markerast.

– Dette betyr mykje både for oss som reiarlag, og alle passasjerane våre. Vi får no ein mykje betre infrastruktur og betre tilhøve for alle, sa Lars A. Rødne til Kvinnheringen.

Han inviterte alle som ønskte det, til å vera med på eit minicruise rundt Snilstveitøy. Johannes Tveitnes var hyrt inn som guide på turen.

Det var mange som takka ja til invitasjonen, og båten vart snart fylt opp av store og små. Om bord vart gjestene traktert med kake, kaffi og brus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken