Kaare Skaala får Kongens fortenestemedalje

I dag er det blitt kjent at Kongens fortenestemedalje går til Kaare Skaala frå Rosendal. – Eg er heilt sjokkert. Dette er stort, seier Skaala.

Kaare Skaala er ein aktiv turmann og lokalhistorikar. Her under Kvinnheradløpet. (Arkivfoto)

Kaare Skaala er ein aktiv turmann og lokalhistorikar. Her under Kvinnheradløpet. (Arkivfoto)

DEL

Kaare Skaala (82) får tildelt Kongen Fortenestemedalje. Skaala har vore aktiv i det frivillige lagslivet i Rosendal sidan ungdommen, og i dag kunne ordførar Peder Sjo Slettebø ringa til Skaala og gi han den hyggelege meldinga.

– Eg er heilt utslegen, eg forstår ikkje heilt at det gjeld meg. Argumenta bak søknaden har eg ikkje sett, så eg veit jo ikkje heilt kva det dreier seg om. Då eg snakka med ordføraren fekk eg knapt med meg kva som vart sagt, eg vart rett og slett sjokkert, seier Skaala.

Skaala fekk i 2008 Kvinnherad kommune sin kulturpris. Den fekk han for å vera aktiv i ulikt lagsliv som musikklag, songlag, ungdomslag og idrettslag. Han har vore og er ein stor ressurs i turmiljøet, der han har merkt seg ut som turleiar og guide på kulturvandringar. Skaala har òg skrive fleire lokalhistoriske bøker.

Vil hugsa dette

– Dette er verkeleg ein dag eg vil hugsa. Kona er ute og går tur, så det er no litt synd at eg ikkje får delt det med ho, seier Skaala, som framleis er ein aktiv mann.

– Når ein er 82 byrjar horisonten å snevra seg inn, og eg kan ikkje driva med alt mogleg lenger. Eg konsentrerer meg mykje om kultur, historie og røter, og prøver å formidla dette som opptek meg mest. Eg er òg aktiv i ein spasergjeng som går kvar tysdag. Der får eg stetta behovet både for trim og det sosiale, seier Skaala.

– Dette er vel fortent, og eg gler meg til å dela ut medaljen som mange unner han, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Artikkeltags