– Eit fyrverkeri av eit live-band

Det Skandaløse Orkester speler på Snikkeriet laurdag kveld. (Pressefoto).

Det Skandaløse Orkester speler på Snikkeriet laurdag kveld. (Pressefoto).

DEL

– Det Skandaløse Orkester kjem endeleg tilbake til Snikkeriet på laurdag. Dei som var på fjorårets akustiske konsert fekk oppleva eit fyrverkeri av eit live-band som ikkje liknar noko anna her i landet. Denne gongen blir det elektrisk og utvida besetning med blåserekkje! skriv drivar av Snikkeriet, Eli Kvalvågnes, i ei pressemelding.

Orkesteret har blitt beskrive som Frank Zappa møter Salvador Dali, og blandar sjangrar som rock, jazz, western, folk og prog med humoristiske tekstar og eit eksentrisk og energisk sceneshow. Bandet er aktuelle med eit nytt album som har hausta gode kritikkar i både inn- og utland. “Tenk om noen ser deg” blei kåra til årets norske album i 2018 av Prognytt.
"Det Skandaløse Orkester innehar så god smak at selv deres mest smakløse innfall holder imponerende høyt nivå." skreiv Petter Lønningen i Bergens Tidende om bandet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags