Ingebjørg Eik Band på Rosendal Turisthotell

DEL

Ingebjørg Eik er frå Rosendal, har musikkutdanna seg i Oslo og har jobba som frilansmusikar i mange år. Ho har spelt saman med Big Bang, Eva & the Heartmaker og fleire.

Dette blir ein kveld med slik jazz som alle likar! Stikkord er lyrisk, vakkert, rytmisk og melodiøst. Bandet serverer alt frå jazz-standards til pop-låtar pakka inn i lekre jazz-arrangement, heiter det i ei pressemelding.

Med seg i bandet har Ingebjørg eit knippe særdeles oppegåande musikarar. Alex Grieg på kontrabass spelar med dei fleste musikarar i Bergen - både innan jazz og andre genre. Han har vore med på ei rekke plateinnspelingar og turnear i både inn- og utland. Bjarne Øymyr på piano har lang fartstid i det bergenske jazzmiljøet, og spelar mellom anna i BATS og Kari Malmanger Band m.m. Sist men ikkje minst har vi Uskedalen sitt eige store talent, Sindre Aksnes på trommer, står det.

Ingebjørg Eik Band spelar på turisthotellet laurdag 9. desember.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags