Laurdag fauk ho av garde

MIDTSVEVS: Laurdag morgon flytta kranskipet "Tronds Lift 6" "Nyesago" frå Skålafjæro.  (Foto: Gudrun Skaaluren).

MIDTSVEVS: Laurdag morgon flytta kranskipet "Tronds Lift 6" "Nyesago" frå Skålafjæro. (Foto: Gudrun Skaaluren).

I finvêret laurdag morgon vart «Nyesago» flytta frå Skålafjæro i Rosendal.

DEL

Tronds Marine Service hadde ei travel helg i Rosendal. Søndag var det sjøsetjing av «Gurine», men fyrst vart «Nyesago» flytta andre vegen laurdag, til Gurinefjæro.

I Gurinefjæro skal bygget takast i bruk i det som skal bli Rosendal kulturhistoriske trebåtsenter. I fyrstehøgda skal det lagast til forsamlings- og kurslokale, medan andrehøgda framleis skal vera riggarloft.

Sjølv om «Gurine» er komen på sjøen og flytta til Rosendal sentrum for rigging, så er det med andre ord nok å gjera for dugnadsgjengen i Gurinefjæro.

PÅ PLASS: "Nyesago" kom laurdag på plass i Gurinefjæro.

PÅ PLASS: "Nyesago" kom laurdag på plass i Gurinefjæro.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags