Gå til sidens hovedinnhold

Rykte ut etter ras i Rosendal: – Høyrde kraftig buldring i fjellsida

Artikkelen er over 3 år gammel

– Området er undersøkt. Politiet avsluttar. Ikkje observert skade på veg, eller stein som er komen ned, og ingen teikn til skade på hus, eigedomar eller folk, skriv Vest politidistrikt ein liten halvtime før midnatt.

Like før klokka 23 julaftan rykte naudetatar ut etter at politiet hadde motteke meldingar om at det var gått eit ras frå Malmangernuten. Raset skal ha skjedd i området Storeteigen og Hålandsbråtet, ifølgje politiet.

Vest politidistrikt meldte at folk i området hadde høyrt kraftig "buldring" i fjellsida.

– Ein meldar har ringt og seier det har gått eit mogleg ras i området. Ingen skal ha sett noko til dette, og det er ikkje meldt om skade på verken person eller eigedom. Høvet blir undersøkt, meldte politiet.

Politiet opplyste klokka 23.10 at lyden truleg kom frå fjellpartiet rundt Nuten.

– Det er ikkje komen spesifikke opplysningar kring "buldringa" og raset sin storleik. Fleire opplyser at det truleg kjem frå fjellpartiet Nuten, som ligg ovanfor. Mørket gjer det vanskeleg å gjera observasjonar, skreiv Vest politidistrikt.

Kommentarer til denne saken