Tidlegare sokneprest vigslar bønerom

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Eigarane av Rosendal motell, Arne Martin og Marin Guddal-Husby, har innreia eit rom i motellet til bønerom. Vegg i vegg har dei innreia eit samtale-/samlingsrom.

Førstkomande søndag ettermiddag vert det vigsling av bønerommet ved tidlegare sokneprest i ulike sokn i Kvinnherad, Sven-Harald Nilsen. I dag er Nilsen pensjonist, men har takka ja til det noko uvanlege oppdraget med å vigsla eit rom for bøn.  

– Vi ønskjer at bønerommet, til liks med samtalerommet, skal vera tilgjengeleg for alle dei som kjenner at dei har behov for det, eit rom ein kan oppsøkja når ein vil. Vigslinga på søndag blir òg ope for alle, så velkomne skal de vera, seier Maren Guddal-Husby.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags