Nyskipa bygdelag inviterte til folkemøte om framtida

Måndag ettermiddag var det fullt i Rosendal samfunnshus då nyskipa Rosendal bygdelag inviterte til folkemøte om framtida til bygda og Kvinnherad.

DEL

– Dette er over all forventning, både når det gjeld kor mykje folk som deltek, og kor kjekt folk synest det er å snakka saman. Det er dette vi vil! At vi skal møta kvarandre og snakka saman om bygda, seier Solfrid Hellesøy Siqveland, leiar i Rosendal bygdelag.

Over 100 personar hadde tatt turen på møtet, som inneheldt både ei orientering om kommunedelplanen og gruppearbeid på temabord. Folk i alle aldrar deltok, ikkje berre frå Rosendal, men også frå bygdene rundt.

– Det har nok vore godt over 100 innom, i tillegg til alle barna, seier Siqveland og forklarer at folk kunne komma og gå etter som dei ønskte.

Den populære leikekroken for borna bidrog nok til at det var mange barnefamiliar til stades, men også yrkesaktive, pensjonistar, lokale utbyggjarar og engasjerte unge frå ungdomsskulen møtte fram.

Bygdelaget hadde laga eigne spørsmål kring ulike diskusjonstema, som til dømes om ein kan nytta meir jord til matproduksjon, få i gang sosiale uteplassar og korleis ein kan sikra at turisme og cruisetrafikk fungerer godt i framtida.

– Etter i dag skal bygdelaget samla det som er diskutert her til sentrale punkt som så skal til kommunen, seier Siqveland og minner også andre i kommunen om at fristen for å koma med innspel til Kvinnherad2050 er utsett til 31. oktober.

Artikkeltags