Ungdom studerte klima og berekraft

FOKUSERTE PÅ MATSVINN: Arbeidsgruppa til Kristian Øvstebø, Helene Myklebust, Nora Sætrevik og Saule Zemaitaityte såg på mat og berekraft i Kvinnherad kommune.

FOKUSERTE PÅ MATSVINN: Arbeidsgruppa til Kristian Øvstebø, Helene Myklebust, Nora Sætrevik og Saule Zemaitaityte såg på mat og berekraft i Kvinnherad kommune.

Artikkelen er over 1 år gammel

Auditoriet i Folgefonnsenteret var i tre rundar fullstappa av folk og nerver torsdag kveld. Elevane på niande trinnet ved Rosendal ungdomsskule hadde denne kvelden presentasjon av det tverrfaglege skulearbeidet dei har arbeidd med dei siste månadane.

DEL

Prosjektetvar eit samarbeid mellom Folgefonnsenteret og Rosendal ungdomsskule der temaetvar klima og berekraft. Elevane starta opp arbeidet allereie i sluttenav åttande klasse, og dei fekk sjølve bestemma kva problemstilling dei skullefinna svaret på, så lenge dei fokuserte på klima og berekraft i kommunen. Oppdrettsnæringa,reiseliv, matsvinn, energi, klimaendring og plast er berre nokre av alle deiområda ungdommen forsøkte å finna berekraftige løysingar på. Alle dei 64 elevane på niande trinnet var i elden torsdag og hadde ulike måtar å presenterafunna sine på. Nokre heldt foredrag, medan andre hadde lysbildepresentasjoneller video. Alle hadde dei kreative måtar å presentera funna sine på og ågjera desse interessante for tilhøyrarane. I salen sat lærarar, klassekameratarog spente foreldre.

Treng vi plastemballasje?

Éi av arbeidsgruppene bestod av Kristian Øvstebø, HeleneMyklebust, Nora Sætrevik og Saule Zemaitaityte frå B-klassen. Gruppa såg på ombruk av mat er berekraftig i Kvinnherad. Mellom anna spurde dei seg om det ernaudsynt med plastemballasje på mat. Dei fortalte at heile 33 prosent av Noregsitt jordbruksareala vert nytta til å produsera mat som berre vert kasta. Oppmodingatil salen var derfor å bli meir miljømedvitne.

– Det kan vera smart å handla når du ikkje er svolten. Dådrar du ikkje med deg heim mat du ikkje treng, opplyste Kristian Øvstebø iforedraget sitt, til samtykkjande nikking frå tilhøyrarane.


FULLSETT AUDITORIUM: Klassekameratar, lærarar og foreldre lærte nok alle noko nytt om klima og berekraft då niandeklassingane viste fram funna sine.

FULLSETT AUDITORIUM: Klassekameratar, lærarar og foreldre lærte nok alle noko nytt om klima og berekraft då niandeklassingane viste fram funna sine.

Tverrfagleg prosjekt aukar kompetansen

– Vi blir heile tida utfordra på elevane sin kompetanse,seier Bjørn Olav Tveit, rektor ved Rosendal ungdomsskule.

Han fortel at skulen nok har jobba for «skulsk» og tidlegarehar vore for avhengig av skulebøkene. Når ein no arbeider på denne tverrfaglegemåten er målet at elevane skal sitja att med meir kompetanse. Han seier vidareat det er vedteke ein ny overordna læreplan, der skulane skal ha meir djupnelæringog tverrfagleg læring. Her er nettopp klima og berekraft eitt av tretverrfaglege prosjekt alle skular skal arbeide med, eit prosjekt Rosendalungdomsskule altså allereie er i gang med her. Elevane har samarbeida medFolgefonnsenteret og Karen Løvfall Våge har bidrege både i starten og undervegsi arbeidet, mellom anna med med faktaleiting og sett elevane i kontakt medforskarar i Bjerknessenteret.


SPENTE FØR PRESENTASJONEN: Frå venstre Heidi Lægland, Annette H. Smaamo (begge kontaktlærarar for 9b), faglærar Mari Mehl, rektor Bjørn Olav Tveit, Arve Lunestad og Oddbjørn E. Aasen (begge kontaktlærarar for 9a) gledde seg til presentasjonen på Folgefonnsenteret.

SPENTE FØR PRESENTASJONEN: Frå venstre Heidi Lægland, Annette H. Smaamo (begge kontaktlærarar for 9b), faglærar Mari Mehl, rektor Bjørn Olav Tveit, Arve Lunestad og Oddbjørn E. Aasen (begge kontaktlærarar for 9a) gledde seg til presentasjonen på Folgefonnsenteret.

Klima og berekraft engasjerer

Og dette er verkeleg eit tverrfagleg prosjekt, som haromfatta faga norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag, mat og helse ogkroppsøving.

– Elevane har vore innom nesten alle fag i dette prosjektet,fortel Arve Lunestad, ein av dei to kontaktlærarane for A-klassen.

Mari Mehl, faglærar i norsk, fortalde at elevane hadde øvdgodt på presentasjonen og at denne kvelden også tel i faget norsk munnleg.

– Elevane bryr seg verkeleg om dette emnet, seier Mehl.

Ho fortel at ungdommane engasjerer seg veldig og dei ynskjerat alle gjer noko for klimaet no.

Heidi Lægland er ein av to kontaktlærarar for 9B og har voresvært engasjert i dette prosjektet. Ho seier at det er ikkje all kunnskap iprosjektet som ein kan måla.

– Men når vi snakkar med elevane no, så ser vi at elevanehar fått stor kunnskap om klima og berekraft, seier Lægland.

Ho peikar også på at ungdommane har fått ei større forståingav emnet og dei kan reflektera og setja ting i samanheng.


Arbeidsprat medungdommen

Etter at presentasjonen er over tar vi ein prat medKristian, Helene, Nora og Saule. Vi spør kvifor dei valde temaet mat iKvinnherad. Gruppa svarer at det var vanskeleg å finne tema og å bli heilt einigeom kva dei skulle jobba med.

– Men vi hadde lyst å finna eit tema innan forbruk, svarerNora.

– Og så ville vi læra noko nytt, skyt Helene inn.

Prosjektet har vore både omfattande og langvarig. Gruppa harmellom anna intervju folk som jobbar med mat i Kvinnherad. Helene peikar på atdet var ikkje var så lett å finna informasjon på nettet om mat og forbruk iKvinnherad kommune. Gruppa fortel at det også var utfordrande å finne ut avkven som skulle gjera kva, og dei syns at det nokre gonger vart litt kjedeleg åjobba med same tema så lenge.






Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags