Håpar på skuteinnrykk

TALL SHIPS RACES 2019: Rosendal får truleg skuteinnrykk i dagane 19. og 20. juli, på etappen Fredrikstad-Bergen (arkivfoto).

TALL SHIPS RACES 2019: Rosendal får truleg skuteinnrykk i dagane 19. og 20. juli, på etappen Fredrikstad-Bergen (arkivfoto).

Truleg seglar ein del skuter i Tall Ships Races 2019 innom Rosendal i sommar, på seilasen til Bergen.

DEL

For femte gong er Bergen offisiell vertskapshamn for The Tall Ships Races, som går av stabelen 21. til 24. juli 2019. Rosendal vert ei såkalla «Cruise in Company-hamn», som betyr at dei deltakande skipa og skutene kan leggja turen innom Rosendal på vegen mot Bergen.

– Det er 19. og 20. juli at moglegvis mange flotte skuter vil komma innom Rosendal, på etappen frå Fredrikstad til Bergen, seier Karen Løvfall Våge, ved Kvinnherad Turistinformasjon.

Ho fortel at Bekkjarvik, Stusshamn, Leirvik og Våge på Tysnes saman med Rosendal er slike hamner der skutene samlar seg, for så å segla den siste etappen inn mot Bergen i samla flåte. Per i dag er det ikkje klart kor mange skuter som kjem innom Rosendal, eller kva skuter som kjem, men per i dag er litt over seksti skuter meldt på sjølve racet.

– Av desse er 19 i klasse A. Dette er dei aller største skutene, fortel Våge.

Selskap på dekk

Det blir høve for kvinnheringar å arrangera dekkselskap om bord i skutene som kjem til Rosendal. Dette kan vera både private og bedrifter.

– Skutene ynsker dekkselskap om bord og dette kan vera grunn for ei skute til å leggja turen til Rosendal, sidan dette må avtalast på førehand, fortel Våge og legg til at dersom turistkontoret får forespurnad frå folk som ynskjer dekkselskap, så gir dei beskjed til arrangøren.

Truleg er det større sjanse for å få vitjing av skuter dersom ein tingar dekkselskap på førehand.

– Skutene vel sjølve kor dei vil gå. Men Tall Ships Race organiserer slik at enkelte hamner er budde på å ta i mot skutene, og lagar til nokre aktiviteter i hamnene.

Turistkontoret har allereie vore i kontakt med handelsstanden i Rosendal som er positive til å laga litt ekstra aktivitet desse dagane.

Lokale medseglarar

Kvinnherad kommune vil senda fire ungdommar mellom 15 og 25 år som medseglarar på vennskapsetappen frå Fredrikstad til Bergen. Her vil dei få leva og læra skutelivet, i tillegg til å bli kjende med andre ungdommar på kryss av nasjonalitet og bakgrunn. Kommunen dekkjer både reise og sjølve segleturen.

– Men også andre interesserte kan søkja om å bli medseglar via heimesidene til Tall Ships Races, reklamerer Våge, og forklarer at her kan kven som helst vera med.

Ho håpar at vêret, slik at flest mogeleg vil komma å sjå skutene.

– Det er veldig kjekt med dette racet og eg trur at dette er med på å styrkja både Rosendal og Kvinnherad som ein stad å besøkja, ein stad der det skjer mykje. Vi får berre håpa at det kjem mange skuter, for dei er verkeleg eit flott syn, avsluttar Våge.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags