«Julefryd» på Snikkeriet: Familiearrangement og stor konsert

Det blir livat på Snikkeriet på laurdag, med juletrefest på dagen og konsert på kvelden. Her frå ein artistdugnad i februar. (Arkivfoto).

Det blir livat på Snikkeriet på laurdag, med juletrefest på dagen og konsert på kvelden. Her frå ein artistdugnad i februar. (Arkivfoto).

Snikkeriet i Rosendal slår på stortromma på lurdag. På ettermiddagen blir det juletrefest for heile familien, medan 20 musikarar stiller opp på førjulskonsert på kvelden.

DEL

«Julefryd» er eit konsept ein ønskjer å gjera til ein tradisjon på Snikkeriet, skriv drivar Eli Kvalvågnes i ei pressemelding.

Dagen startar med god, gamaldags juletrefest på ettermiddagen. Ideen om eit slikt arrangement kom frå eit ønskje om å blåsa liv i magien ved dei gode, gamle juletrefestane på bygda, skriv drivar Eli Kvalvågnes i pressemeldinga:

– Dette er både for oss med frydefulle minner om atmosfæren, spenninga, og gleda ved å gå hand i hand, runde etter runde rundt eit tre som ofte var overlessa av prangande pynt med glitter og stas, og for oss som hugsar songhefta «Perle & Bruse», men aller mest for dei som aldri har hatt denne opplevinga.

På juletrefesten blir det servert julegraut av ei ekte nissemor, med flott musikk frå scena. Alle skal synga julesongar saman, kan henda også akkompagnert av eit heilt orkester! Vibeke Fredheim kjem for å lesa juleforteljingar slik som berre ho kan, så både store og små sit fjetra og fylgjer med. Det går eit rykte om at sjølvaste nissen kjem, og at han har noko med seg til snille guter og jenter i salen.

– Vi skal gå rundt juletreet og synga både «Eg gjekk meg over sjø og land», «Du grøne glitrande tre, god dag», «Musevisa», «Reven raskar over isen», «Glade Jul» og fleire til, skriv Kvalvågnes.

Konsert med 20 musikarar

På kvelden blir det stormønstring og førjulskonsert for dei vaksne. Det blir stor spreiing både når det gjelder repertoar og musikkstil. På konserten får ein høyra både heilt unge talent og svært erfarne musikarar med lang fartstid. Yngstemann er 15 år medan andre er 2-3-4 gonger så gamle. Det er musikarar med høgst forskjellig musikalsk bakgrunn. Her finn vi alt får pop og rock til vise, blues, jazz, country, folkemusikk, soul og klassisk! Med brei musikalsk bakgrunn blir det og stor spennvidde i repertoaret. Vi får høyre alt frå ein klassisk versjon av «O heilage natt», til «Santa Claus is Comin´ to Town» i Bruce Springsteen-innpakning. Det blir òg nokre heilt spesielle arrangement av kjende julesongar, og nokre songar med heilt ny tekst for dette høvet.

Å få til eit arrangement som dette med så mange involverte, gjev utfordringar både når det gjeld logistikk og det musikalske.

– Eg er veldig glad for at vi har fått med oss Kristin Bergsvik til å stå for den musikalske leiinga, seier Snikkeri-innehaver Eli Kvalvågnes.

Kristin kjem frå Askøy, og har ei lang karriere bak seg som musikar i det bergenske musikkmiljøet. Som songar har ho vore med på ein haug med plateinnspelingar, NRK-produksjonar, Fargespill og konsertar av ulike slag. Ho har og jobba mykje som dirigent og musikalsk leiar, og var seinast dirigent i Grieghallen på julekonsert med Hanne Krogh, Johnny Logan og Thomas Rud sist veke. Kristin vitjar ofte Rosendal og Snikkeriet.

– Eg likar meg svært godt her i Rosendal, og syntes det er utruleg kjekt å vera med på eit arrangement som dette. Veldig fin blanding av unge talent og erfarne musikarar. Det er ganske spesielt at ein klarer å mønstre så mange musikarar på eit så høgt nivå frå lokalmiljøet.

Musikarane har øvd jamleg i ein månad – og no i helga har det vore maraton-øving, der ein har prøvd å samla trådane.

– Det er tusen ting som skal på plass, men eg kjenner meg trygg på at dette kjem til å bli veldig bra, seier musikalsk leiar Kristin Bergsvik.

Desse deltar på konserten (alfabetisk): Gina Aspenes, Kristin Bergsvik Skilbrei, Per Bråtun, Roger Sjøvold Dalland, Ingebjørg Eik, Nanna Sofie Fredheim, Atle Fredheim, Maia Torsvik Fredheim, Kjerstin Guddal Jansson, Øystein Havnerås, Thor Ivar Hellesøy, Anders Kristensen, Eli Kvalvågnes, Elin Laia, Sverre Myklebust, Rune Rangsæter, Vilde Bø Røssland, Oddgeir Røssland, Gøril Skeie Sunde og Bjarne Øymyr.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags