Gå til sidens hovedinnhold

Opnar sommarbutikk på turisthotellet

Artikkelen er over 5 år gammel

På Rosendal Turisthotell kjem det ein type «pop up»-butikk 30. juni.

Først blei konseptet lansert som ein «pop up»-butikk, men drivarane av turisthotellet har no endra det til «Sommarbutikk».

– Litt meir roleg og poetisk, synest vi, og ikkje minst ei norsk nemning. Samtidig endrar vi dato for opning til torsdag 30. juni, og steller i stand ein eigen inspirasjonskveld med sofa-samtalar, føredrag av Irene Nygårdsvik og såklart opning av den vesle butikken, skriv turisthotellet på Facebook.

I sommarbutikken er det samla varer frå fleire kvinner som alle har opplevd å få litt «nok» av den kommersielle verda der det meste er styrt av pengar og spisse albogar, men som har skapt sitt eige vesle «univers» i det store universet, heiter det på teksten på Facebook.

Kvelden vil starta med offisiell opning av sommarbutikken og

ein sofa-samtale mellom fire av desse kvinnene, leia av Irene Nygårds-vik. Etter sofasamtalen blir det pause med mat, prat og kikk i butikken. Etter pausen vil Irene halda eit føredrag om korleis ein gjennom

samtalar med oss sjølve og kvarandre kan møta hemningane, hindringane og få fram skaparlysta i vår eigen kvardag. Målet er å skapa ei inspirasjonsstund slik at vitaliteten og kreativiteten kan få betre kår i kvardagane våre. Nygårdsvik braut med doktorgradsstudiar ved Norges Handelshøgskole i 2005 og starta Spekulatoriet – ein stad for utforsking og utvikling av nye tankar innan innovasjon, økonomisk filosofi og praksis, dialog og kommunikasjon. Hun sit i ulike styre innan kunst og næringsliv, og gjer ulike prosjekt på tvers av ulike miljø. Ho sat tidlegare i Norges nasjonale omdømekomité under Jonas Gahr Støre 2007–2011, og har halde kurs i dialog/kommunikasjon i fleire år ved NHH.

Flotte damer som bidrar med varer til sommarbutikken er:

Irene Nygårdsvik, Ragnhild Wik, Guri Sandvik, Signe Schineller, Marianne Nagell, Unni Lindeland Andreassen og damene bak Ein blå tråd. Delar av kolleksjonen Unplugged fra Northern Lighting blir også å finna der.

Kommentarer til denne saken