Sesongopning søndag

Steinparken opnar på søndag. (Arkivbilde).

Steinparken opnar på søndag. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 4 år gammel

Søndag blir det sesongopning av Steinparken.

DEL

I år er sesongopninga eit samarbeid mellom Steinparken, Folgefonna nasjnalparksenter og Barnas turlag Kvinnherad. Det blir mange kjekke aktivitetar, som skattejakt i Steinparken, steinquiz, laging av steintroll, teiknekonkurranse og artsbestemming av stein.

Har du funne ein fin stein når du var ute på tur og lurer på kva bergart den er? Ta den med på søndag, så kan Johannes Vik Seljestad sjå på den. Vert du svolten så sel Omvikdalen Bygdekvinnelag kaffi og kaker. Barnas turlag har fyr i bålpanna og dei som vil kan spidde pølser.
Vi håpar på ei triveleg stund i Steinparken, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Artikkeltags