Rosendal får vinmonopol

Rosendal får vinmonopol. Her frå då representantar frå Vinmonopolet var på synfaring i Rosendal sentrum for å vurdera grunnlaget for å opna utsal i bygda tidlegare i år. (Arkivfoto).

Rosendal får vinmonopol. Her frå då representantar frå Vinmonopolet var på synfaring i Rosendal sentrum for å vurdera grunnlaget for å opna utsal i bygda tidlegare i år. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Til neste år kan fastbuande og turistar jubla over at det kjem vinmonopol til Rosendal.

DEL


I dag kunngjorde polet at det vil opna fem nye polutsal til neste år, det eine i Rosendal. På polet sine nettsider står det føljande om etableringane på Sand og i Rosendal:

«Både Sand i Nord-Odal og Rosendal i Kvinnherad har tettsteder med mellom 140 og 150 millioner kroner i årlig detaljhandel. Rundt 4.000 mennesker sogner til begge disse stedene som også har godt med arbeidsplasser. Rosendal er i tillegg både knutepunkt og turistdestinasjon i Hardanger. Det er mellom 20 og 30 km til nærmeste vinmonopolbutikk for innbyggerne som sogner til disse stedene. Både Sand og Rosendal er steder i god utvikling, ny handel og boligbygging i sentrum er eksempler på slik aktivitet.»

Kvinnheringen har prøvd å få tak i Asbjørn Soltveit som år etter år har sendt brev på vegner av Rosendal Utvikling for å få på plass eit pol, men vi har ikkje lukkast å få tak i han i kveld.

Ordførar Peder Sjo Slettebø er særs nøgd med etableringa.

– Dette er ein gledas dag, og det er viktig at turistmålet Rosendal får pol. Dette er ei fjør i hatten for alle som har jobba for dette, og viser at det er ei positiv utvikling.

Kvar vinmonopolet skal lokaliserast er ikkje bestemt enno.

– Det blir ikkje på rådhuset, det er heilt sikkert, seier ordføraren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags