Starta eiga treningsgruppe: – Kva er alternativet? Sitja i ein stol?

PER ER FRIVILLIG INSTRUKTØR: Kommunefysioterapeut Gunvor Teigland (i midten) rosar Per Myklebust og Marit Sofie Lea for å ta initiativ til den frivillige treningsgruppa.

PER ER FRIVILLIG INSTRUKTØR: Kommunefysioterapeut Gunvor Teigland (i midten) rosar Per Myklebust og Marit Sofie Lea for å ta initiativ til den frivillige treningsgruppa.

Gjengen var så nøgde med treningskurset dei fekk på Rosendalstunet at dei ikkje slakka av då opplegget var over. Tvert imot. Dei laga si eiga treningsgruppe, og dei vil ha fleire med.

DEL

– Kommunen tilbyr i dag trimgrupper for dei som treng hjelp til opptrening etter å ha vore hos fysioterapeut eller ergoterapeut. Desse går over seks-sju veker, seier Gunvor Teigland, som er kommunefysioterapeut.

Ho fortel at mange har stor nytte av tilbodet, men når kurset er over tenkjer mange «kva no?». Mange ynskjer å fortsetja etter enda kurs, fordi dei er redde for å falla tilbake og mista den gode framgangen som treninga har gitt. Ein veit at trening er «ferskvare» og må fyllast på heile tida.

– Vi er derfor veldig glade for at denne gruppa ville halda fram på eiga hand, og at Marit Sofie Lea og Per Myklebust tok tak. Vi håpar at fleire vil vera med og at vi etter kvart kanskje får med oss endå fleire som synest at det er kjekt å ta litt ekstra ansvar, seier Teigland.

Frivillig instruktør

– Etter at kurset hos fysioterapeut Gunvor Teigland og ergoterapeut Ingebjørg Teigland var ferdig, fortalde dei at vi kunne halda fram på eiga hand, seier Per Myklebust.

I første høgda i Rosendalstunet har dei gratis treningslokale, og held fram med øvingane dei lærte på kommunen sitt kurs.

– Det er Per som trener oss. Eg tenkte å instruera han litt i byrjinga, men han var så flink av seg sjølv at han er heilt sjølvgåande, seier Marit Sofie.

Per Myklebust er frivillig og ulønt instruktør for den trimglade gjengen. Éin time med øvingar av heile kroppen to gonger i veka, trener visst òg det kreative.

– So skal vi ut og ro litt. No er det Kalven neste, seier Per midtvegs i treningstimen.

I tankane manar han fram den vesle øya like utanfor Rosendal, medan han viser korleis ro-øvinga skal gjerast. Nevane held om eit tenkt årepar og skal heilt fram mot golvet, før rygg- og magemusklar hjelper til å få fart på båten.

– Det skal bli godt å koma fram og fyra opp grillen, drøymer ein deltakar.

– Skal vi kanskje hamla heim igjen frå Kalven, då? seier ein annan og bidreg til den uhøgtidelege stemninga.

– Nei, det går altfor for seint å hamla. Vi må nok ro heim att òg, kontrar Per sindig med eit glimt i auga.

Etter timen fortel deltakarane at Per er ein veldig dyktig instruktør. Han er ikkje av den typen som gjer for mykje vesen ut av sin eigen innsats, men han fortel at han synest det er kjekt med trimgjengen.

– Vi har jo alle godt av dette. Det blir jo ikkje alltid til at ein trener heime åleine, seier Per.

Dei andre deltakarane fortel at her vert det nyttige kombinert med det behagelige. Det er godt å ha noko fast og gå til, og ikkje minst er det kjekt å treffa folk.

– Nei, kva er alternativet til denne treninga? Sitja i ein stol?

– Det er veldig fint å ha noko å fast å gå til i veka. Og Per er ein dyktig instruktør, som forklarer godt kva vi skal gjera.

Treningsgjengen fortel at dei møtest to gonger i veka, måndag og torsdag. Dei starta opp som ein stor gjeng, men no har enkelte falle ifrå, og dei vil gjerne ha nye fjes med.

– Alle som vil som vil kan bli med, fortel Marit Sofie.

– Ja, hos oss er det ingen avgrensingar! Folk kan berre møta opp her på treningane eller ta kontakt med oss, oppmodar Per.


Artikkeltags