Den beste måten å feire røysteretten på er å bruke den

Av
DEL

MEININGARI år er det 100 år sidan Stortinget vedtok at alle myndige menneske skulle ha røysterett. Før dette, så mista ein faktisk røysteretten om ein fekk såkalla fattigstøtte – liknande det vi kallar sosialhjelp i dag. Men i 1919 vart denne avgjerda fjerna frå grunnlova, og røysteretten vart allmenn.

Det finst ikkje nokon betre måte å markere dette viktige jubileet på, enn å bestemme seg allereie i dag for å bruke røysteretten sin i valet til hausten.

For oss som bur i Noreg i dag, er det vanskeleg å førestille seg eit samfunn der ein ikkje har røysterett på grunn av at ein er fattig. Men røysterett for alle har ikkje komme av seg sjølv. Fram til 1913 fekk berre menn røyste. Før 1885 var det berre menn som eigde jord som fekk ta del i demokratiet. Og på den tida var ikkje det så mange. Seinare har røysterettsalderen blitt senka fleire gonger, til dagens 18 år.

Noregs historie er såleis – blant mykje anna – ei historie om korleis demokratiet vårt stadig er blitt utvida til å omfatte fleire og fleire.

Røysterett er noko vi tek som ein sjølvfølgje i Noreg. Men slik er det ikkje i alle land. I Pakistan, der foreldra til ein av oss som skriv dette innvandra i frå, til Noreg i 1971, har omfattande korrupsjon gjort at avgjersler ofte ikkje er demokratiske, sjølv om mange deltek i val. Avgrensingar i ytringsfridomen, pressefridomen eller forbod mot å organisere seg i parti som er i opposisjon til landets regjering, er andre kjente måtar å avgrense demokratiet på rundt om i verda.

Vi ser i dag over heile verda at makthavande ønskjer å avgrense folket si deltaking i samfunnet. Verdas største land, Kina, gjer det forbode å kritisere presidenten. I India er fattigdom eit hinder for mange som ønskjer å bruke røysteretten sin. Og i Saudi-Arabia risikerer folk å bli fengsla fordi dei kjempar for rettane vi tek for gitt – som kvinners rett til å ferdast åleine, kle seg slik dei sjølve ønskjer eller ytre seg slik dei føler for.

Alle som bur i Noreg er einige om at demokrati er betre enn diktatur. Difor er vi takksame for å være fødde i Noreg, der alle kan delta i demokratiet på lik linje, anten det er Stortinget som skal veljast for å lage lover og vedta statsbudsjett, eller kommunestyre og fylkesting som bestemmer over skulane våre, vegane vi køyrer på og sjukeheimane som tek vare på dei eldste av oss.

Venstre har alltid kjempa for å gi fleire røysterett – til kvinner, til fattige og til stadig yngre menneske. I desse dagar handlar kampen for å styrke demokratiet også om å inkludere fleire – om å gi innvandrarkvinner makt over eige liv ved å komme i arbeid, om å gi born en oppvekst fri frå vald og overgrep. Om å gi rusavhengige hjelpa dei treng for å ta tilbake kontrollen over livet sitt, og om å skape arbeidsplassar over heile landet, slik at folk kan leve sine gode liv der dei sjølve vil bu og leve.

Kampen for demokratiet vårt tek aldri slutt. Difor er det viktig å feire dei historiske sigrane vi har vunne, for å gje fleire høve til å seie si meining og å røyste i val. Når vi på Stortinget i år feirer den allmenne røysteretten, håpar vi folket blir med – og den beste måten å bli med er å bruke røysteretten din. Det er den største hyllesten du kan gje til røysteretten: Å faktisk bruke den.

Kent Are Kjørsvik Petterson (V),

ordførerkandidat Kvinnherad kommune

Abid Raja (V),

visepresident på Stortinget

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags