Rundt 5.100 går rundt utan å vite at dei er smitta

Av

Éi veke før julaftan har smittetala slutta å falle. Det er no 60 prosents sjanse for at pandemien er stigande i det vi går inn i juletida.

DEL


Søndag 13. desember gjekk det om lag 5.100 smittsame personar rundt i Noreg. Om lag seks av ti veit ikkje at dei er smitta, eller har ikkje testa seg. Det anslår Folkehelseinstituttet (FHI) i den siste vekerapporten sin.

Dette er eit teikn på at Noreg ikkje lenger ser ut til å presse smittetala ned, slik målet med dei strenge smittetiltaka er, skriv Aftenposten.

36 prosent av dei nye smittetilfella i veke 50 er fødde i utlandet. Førre veke var veksten størst blant innvandrarar frå Eritrea, Somalia, Afghanistan og Syria.

Smittetrykket kan vere mykje høgare i fleire innvandrarmiljø enn blant norskfødde, der 2 prosent av dei testa har positiv test. For alle dei største innvandrargruppene, unnateke svenskar, er delen mykje høgare.

Blant dei testa fødd i Somalia, Eritrea, Pakistan, Irak, Tyrkia og Romania, testa meir enn 10 prosent positivt i veke 46–49.

Den høge delen positive betyr at langt fleire burde testa seg, og at det er mykje uoppdaga smitte i desse miljøa, ifølgje FHI.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken