Kommunar sine avtalar med telefonileverandørar går ut med visse mellomrom slik at samarbeidande kommunar kan henta inn nye pristilbod ut frå reglane for offentlege innkjøp. Kvinnherad kommune sin avtale med Telenor gjekk ut i sommar.

IT-sjef i Kvinnherad kommune, Ronny Raudstein, opplyser at den nye telefoniavtalen til Kvinnherad kommune er eit resultat av ein anbodskonkurranse der 35–40 kommunar har gått saman om å forhandla fram avtale. Det er tale om kommunar på Vestlandet, i Rogaland og nokre litt lenger sør.

– Kommunesamarbeidet fekk inn to tilbod og det var veldig stor prisskilnad. Med same kravspesifikasjonar var Telia var langt billegare enn Telenor.

Treårig avtale

Avtalen gjeld i tre år, med opsjon på to år til. Etter fem år skal avtalen uansett ut på anbod igjen.

– Kor mykje sparar Kvinnherad kommune på den nye avtalen?

– Eg kan ikkje talfesta det i kroner og øre, det kjem an på bruken, forklarar Raudstein.

I tillegg til rundt 600 mobilabonnement, har kommunen rundt 60 fasttelefonar igjen, fleire av dei knytte til sentralbord på helsesentera, i rådhuset og andre liknande stader med denne typen sentralbordfunksjonar.

– Men har ikkje Telenor framleis betre mobildekning enn Telia i Kvinnherad?

– Historisk har Telenor hatt best dekning i Kvinnherad, men Telia er betre no enn før, sjølv om dei framleis har nokre kvite flekkar på kartet. Vi på IT-avdelinga har skifta til Telia litt før dei andre, og vi har vore litt rundt omkring for å sjekka. Telia planlegg nokre nye sendarar, til dømes i Fjellhaugen og eit par stader på Husnes for å betra dekninga også i det området, fortel Raudstein.

– Så andre Telia-kundar får no nyta godt av at selskapet får ein stor kunde i Kvinnherad?

– Ja, det kan du seia. Elles har vi gjort det slik at der vi har tilsette med jobbmobil som er avhengige av Telenor-dekning, har vi venta med å skifta leverandør for deira del.

– Litt krøll

SIM-kortskiftinga føregjekk i to puljar i løpet av fredagen, éi pulje i 10-tida, neste i 12-tida.

– Korleis har leverandørskiftet gått?

– Det gjekk stort sett fint, men vi har hatt litt krøll med sentralbordtenestene nokre stader. Fasttelefoni kunne vi ikkje testa før det vart plugga om. Så vil dei næraste dagane visa korleis det går totalt sett, avsluttar IT-sjefen som hadde ein travel fredag.