Gå til sidens hovedinnhold

Rune Rudberg kjem til Husnes

Artikkelen er over 2 år gammel

Rune Rudberg kjem til Husnes og Gry Helge's Bar & Restaurant med bandet sitt laurdag 11. mai for ein real dansekveld.

Det melder arrangøren Showbasen i ei pressemelding.

Rudberg treng vel knapt noko introduksjon. Artisten er svært kjent i Norge, og er blitt «allemannseige» etter fleire tiår på vegen og i TV-ruta.
Etter det store gjennombrotet med «Ut mot havet» i 1988 og nærmare 200.000 selte plater, var Rudberg det store popidolet i Norge. Det var først etter det vanskelege tredjealbumet «Lysene fra land» at pop-idol-perioden var over, og Rune skifta då gir fullstendig og blei fulltidsmedlem i dansebandet Scandinavia. Men Rune var ikkje fornøgd med berre å spela i danseband. Han har alltid vore ein stor fan av countrymusikk, og då Scandinavia ville halda på med sitt, slutta Rune for å laga eit country-album på norsk – «Tidevannsbølger» .

No speler han saman med eige band, Rune Rudberg Band, og i 2018 kom albumet «Minner» som igjen hausta gode kritikkar og suksess.

Kommentarer til denne saken