Real og realfagleg russepresident

Realfagelev og russepresident Torstein Kristiansen Olsen er glad i skulearbeid, og likar seg godt på lab-en på KVV. Her omgitt av Hilde Marie Pedersen (frå venstre), Mia Storevik Myklebust, Solveig Bjørnebøle og Emilie Bringedal.

Realfagelev og russepresident Torstein Kristiansen Olsen er glad i skulearbeid, og likar seg godt på lab-en på KVV. Her omgitt av Hilde Marie Pedersen (frå venstre), Mia Storevik Myklebust, Solveig Bjørnebøle og Emilie Bringedal.

Om berre månadar set Torstein Kristiansen Olsen (19) kursen mot Trondheim for å studera ved NTNU. Men først skal den skuleflinke 3. årseleven styra russeskuta med stø kurs fram mot nasjonaldagen.

DEL

– Det var berre utruleg kjekt å vera med på, sjølv om det var jobb nærast dag og natt.

Russepresident Torstein Kristiansen Olsen smiler bredt medan han snakkar om den nylege russerevyen, der han var blant dei som song og laga show på scena.

Det er mange år sidan russefeiringa avgrensa seg til mai månad. I dag har russen smått og stort av aktivitetar nærast gjennom heile sisteåret på vidaregåande. Men presidenten forsikrar om at russefeiringa på KVV ikkje kan samanliknast med russefeiring i byane.

– Eg har russevenner i byar, og ser på Snapchat at dei er mykje ute på byen allereie no, gjerne midt i vekene òg. Vi er nok litt rolegare her på bygda, blunkar han.

Data og teknologi

Smilet er varmt, og sit laust bak ein blond lugg. Han er talefør og høfleg, og verkar vaksen for alderen.

Om nokre år håpar han å setja kursen mot USA, forhåpentlegvis for å jobba for eit stort selskap som Google eller noko tilsvarande.

– Data og teknologi har alltid vore ei stor interesse, som berre har vakse med alderen. Planen er å studera til dataingeniør ved NTNU til hausten, og sidan ta ein mastergrad slik at eg blir sivilingeniør. No er det jo eit stykke fram til dit, og mykje kan sikkert skje, men det er i alle fall det eg ser for meg at eg har lyst til, fortel han.

Torstein har alltid vore interessert i teknologi og data, og har derfor peila seg inn på NTNU til hausten.

Torstein har alltid vore interessert i teknologi og data, og har derfor peila seg inn på NTNU til hausten.

Statistikken er ikkje alltid med gutane lengre når det kjem til skulearbeid og høgare utdanning. I Kvinnherad har vi sett at dei i snitt har skåra dårlegare enn jentene på lesedugleik på nasjonale prøvar, og dei vel i større og større grad vekk studiespesialiserande på vidaregåande.

I 2018 hadde 18,3 prosent av mennene i Kvinnherad høgskule- eller universitetsutdanning. For kvinnene var talet 29,1.

Vi blir ofte minna på kor viktig det er å rusta seg for teknologisamfunnet. Men det er ei god overvekt av jenter som går studiespesialiserande i lag med Torstein, og frå Rosendal var han den einaste guten i sitt kull som valde realfag. Han skulle gjerne sett at det var annleis.

– Det hadde nok vore bra både for studiemiljøet, men òg for samfunnet generelt, om det var ei jamnare kjønnsfordeling. Men kvifor ikkje fleire gutar vel realfag veit eg ikkje. Det har nok med interesse å gjera òg, og det er ikkje til å leggja skjul på at det krev ein skikkeleg innsats skal ein gjera det bra. Då må ein verkeleg villa det. For min eigen del synest eg skulearbeid er kjekt. I tillegg er det jo motiverande når ein har eit mål i sikte.

Russepresidenten er eit sjølvsagt midtpunkt ved på russebordet i kantina.

Russepresidenten er eit sjølvsagt midtpunkt ved på russebordet i kantina.


Kostbar russetid

Russepresidentvervet stilte han til fordi han håpar det vil gi han ei erfaring som kan vera lur å ha med seg vidare i livet. Her får han testa ut leiarskap i praksis. Og han får øvd seg på noko av det viktigaste ein leiar må kunna, nemleg å delegera.

– Russetida er travel, og det skjer mykje, så derfor må eg passa på å delegera ut oppgåver til andre. Og det er ingen problem, for eg har så mange gode medelevar som meir enn gjerne stiller opp. Vi har eigne personar som er ansvarlege for alt frå festane til russeknutane, så mi viktigaste oppgåve blir å ha den overordna oversikta, pluss at eg er talerøyret mellom russen og skuleleiinga, forklarer han.

Torstein var inne på det, at det er ein del forskjellar mellom land og by når det kjem til russefeiring. Men han legg likevel ikkje skjul på at russetida kan kosta pengar også her.

– Eg er med i ei gruppe som skal ha ein eigen russebil, og det er ikkje gratis. Russekleda er òg skamdyre. Men vi skal prøva å gjera ein del dugnad, og så arrangerte vi tidlegere ein fest som det blei litt overskot av. Vi kjem sikkert til å gjera litt meir av sånne ting, for vi har litt lyst til å prøva å arrangera ein fest der vi leiger inn ein artist, fortel han.

Til ære for fotografen gjer russevennene eit tappert forsøk på å bera presidenten på gullstol. Frå venstre: Hanne Idun Hegland, Solveig Bjørnebøle, Emilie Bringedal, Morten Skjellevik Bjørsvik, Hilde Marie Pedersen og Martha Saghaug.

Til ære for fotografen gjer russevennene eit tappert forsøk på å bera presidenten på gullstol. Frå venstre: Hanne Idun Hegland, Solveig Bjørnebøle, Emilie Bringedal, Morten Skjellevik Bjørsvik, Hilde Marie Pedersen og Martha Saghaug.


Inkluderande

Presidenten har også i bakhovudet dei som ikkje har ei russegruppe å vera med i.

– Eg og visepresident Ella (Gertz, red. mrk.) kom på i lag at det kunne vera kjekt å ha ein russegenser som er lik for heile russekullet, sånn at alle kan kjenna på at dei er ein del av det same fellesskapet. Vi vil også prøva å få til nokre fellesarrangement som er for alle. Og revyfesten opna vi òg for dei som ikkje var med på revyen. Det har det ikkje vore tradisjon for tidlegare, seier han, og legg til:

– No vil det alltid vera dei som ikkje ønskjer å vera med festane og arrangementa, men alle skal forhåpentlegvis likevel kjenna på at dei har hatt tilbodet.

Med NTNU i sikte og eit høgt karaktersnitt å halda på, lurer vi på om Torstein uroar seg for kollisjonen mellom russefeiring og eksamenar i mai.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, eigentleg. Den tid, den sorg. Neida, men eg trur det skal gå fint. Første eksamen er visst 19. mai, og då har jo russetida vore over i to dagar allereie, blunkar han.


Artikkeltags