Gå til sidens hovedinnhold

Russen samla inn over 130.000 kroner

Artikkelen er over 2 år gammel

Russ 2019 gjekk dør til dør for å samla inn pengar på søndag.

Foreløpige tal fredag formiddag viser at russen ved KVV fekk samla inn 133.420 kroner i aksjonen «Krafttak mot kreft».

– Det var veldig fint vêr på søndag, så mange møtte på tomme dører då dei gjekk dør til dør for å samla inn pengar, seier aksjonsanvarleg i russestyret, Magrete Næs.

Pengane frå den landsomfattande aksjonen skal gå til til forsking på krefttypar med låg overlevingsrate.

Kommentarer til denne saken