Ungdommane er fest- og konsertarrangørar

Festkulturen til russen har endra seg mykje, spesielt med årets kull. No leiger dei ulike gruppene lokale og arrangerer eigne festar, av og til med over 200 gjester og artistar som opptrer. Det er ikkje politiet spesielt fornøgd med, fordi russen òg inviterer ungdommar under 18 år.
Publisert

KVINNHERADRUSSEN 2018 Les også:

Russetida er blitt større, proffare, dyrare

Vandrerussen: Ekskluderte, eller berre «mindre gira»? 

Før laga russekullet festar saman, såkalla «russekroer», gjerne i regi av russestyret. Årets russekull har hatt nokre få slike, men dei var ikkje like populære som dei private. No er det i større grad blitt slik at dei ulike russegruppene leiger lokale, og arrangerer eigne festar for medrussen og andre ungdommar. På det meste kan det vera over 200 ungdommar samla på desse festane. Russen fortel at dei både lagar fest for å ha det moro, men også for å lansera konseptet sitt og eventuelt samla inn pengar til russefeiringa. Kvinnheringen kjenner til at dette blant anna går ut over uteplassar i kommunen, som har desse ungdommane som målgruppe. For når så mange unge festar i eit privat lokale, er det ikkje mange som går på uteplassane.

– Nokon av gruppene har hatt fest på 5460, og vi har hatt nokre russekroer eller felles russefestar, men det var ikkje så mange som møtte opp. Det er meir populært med private festar eller heimefestar, forklarar Vilde Teigen når vi snakkar med russestyret om festane.

Russen definerer desse festane som lukka lag, for sjølv om arrangementa blir oppretta på Facebook og dei tar inngangspengar, er det berre inviterte ungdommar som kjem inn, basert på førehandslaga gjestelister. Dei har stort sett vakter i døra som sjekkar desse listene. Russestyret fortel at éin av grunnane til at dei heller arrangerer private festar, er for å kunna invitera ungdommar som er yngre enn 18 år.

– Skal vi ha festar på uteplassar, er det mindre fritt enn å arrangera sjølv og leiga eit lokale. For det første må du kjøpa all alkoholen i ein bar, som er dyrare, og for det andre kjem ikkje dei som er under 18 år inn. No har jo alle i russekullet fylt 18 år, men dei fleste av oss har yngre venner frå skulen som vi vil ha med på festane våre.

Proft opplegg

10. februar arrangerte til dømes gruppa som kallar seg «Belvedere 2018» ein fest i Dalheim i Omvikdalen, med innleigde artistar og matservering. Kvinnheringen var til stades for å sjå korleis ein slik russefest i 2018 utartar seg. Over 200 ungdommar var samla der, blant anna ein del mindreårige under 18 år.

– Ungdommar under 18 år kjem til å drikka uansett, og vi tenkjer det er betre at dei festar ilag med oss enn at dei må samla seg ute. Det er tryggare på russefestane, der dei er saman med folk dei kjenner, og der vi har vakter som kan følgja med. Det er sosialt og inkluderande for alle på vidaregåande, seier Karen Pedersen Brede.

Belvedere hadde booka eigne artistar til å spela på festen; Robin Veela, Benjamin Beats og BRVGE. Til saman brukte dei mellom 60 og 70.000 kroner på festen, blant anna på artistane og hotellrom til dei, og proft lyd- og lysanlegg. Dessverre gjekk dei nokre tusen i minus i forhold til budsjettet, men Belvedere-gjengen syntest det var verdt det.

– Vi ville gjera det proft og stort, og heva standarden på russefestar. Ingen skulle slå oss der! Vi hadde i tillegg Jarand Vikør Skarveland til å hjelpa oss, han kan dette med konsertar og kva som skal til, og er skikkeleg dyktig. Det hadde ikkje gått utan han, seier Karen.

Russegruppa Belvedere fekk hjelp av Jarand Vikør Skarveland då dei arrangerte festen sin i Dalheim.

Russegruppa Belvedere fekk hjelp av Jarand Vikør Skarveland då dei arrangerte festen sin i Dalheim.

Jarand er like gammal som russen, kjem frå Sandvoll, men bur i Bergen. Han har eige firma og driv med booking, lyd og lys.

– Jarand sparte oss truleg for 30.000 kroner. Han hadde òg tydelege ambisjonar for festen vår, og kom med ein del krav til blant anna talet på vakter, og at dei skulle vera over 20 år.

– Kva tenkjer de no i etterkant av festen?

– Det var mykje meir krevjande enn vi hadde sett for oss, med kontraktskriving, rigging av utstyr, rydding og den økonomiske biten. Men vi har fått veldig gode tilbakemeldingar både frå artistane som spelte og frå dei som var der, om at dette var den kulaste festen dei hadde vore på. Vi hadde det knallkjekt, og alt i alt blei det minst like bra som vi hadde sett for oss, seier gjengen i Belvedere.

Problematisk med mindreårige

Men politiet er ikkje vidare nøgd med den nye utviklinga, i hovudsak fordi russefestane som nemnt også er opne for ungdommar under 18 år. Ein stor andel av desse ungdommane drikk alkohol, og det meiner politiet ikkje er greitt. Politiet er ikkje samd med russen i at festane kan definerast som lukka lag.

– Det er fleire grunnar til at dette ikkje kan definerast som lukka lag. Når ein inviterer via Facebook er arrangementet synleg for alle, og kven som helst kan i utgangspunktet komma inn så lenge dei betalar billett eller inngangspengar. Eit slikt Facebook-arrangement vil også tiltrekkja seg ein del ungdommar som ikkje er inviterte, men som har eit håp om å få komma inn likevel. Då får ein mange ungdommar som drikk samla på éin stad, og det er vanskeleg å halda kontroll på kven som drikk og ikkje, seier lensmann Sigurd Børve til Kvinnheringen.

Og når ein russefest ikkje kan definerast som lukka lag, men derimot er eit offentleg arrangement, må russen forholda seg til dei same reglane som andre vaksne. Då er det problematisk at dei inviterer mindreårige som har tilgang til alkohol.

– Vi gjer ingen forskjell på russen eller andre vaksne som arrangerer. Hadde det berre vore russ på desse festane, hadde det ikkje vore problematisk. Men slik dei arrangerer no er dei pliktige til å varsla politiet om arrangementet, tid og stad, ha minimum åtte, skikka vakter over 18 år, og aldersgrense for alkohol. Russen kan altså ha offentlege arrangement, men då må dei søkja om ambulerande skjenkeløyve, seier Børve.

Han peikar også på at utleigar av lokale, til dømes ungdomshus, har eit ansvar:

– Festarrangøren har hovudansvaret, men utleigar av lokalet har også ansvar for å informera om brannforskrifter, og ha kontroll på kor mange personar som har lov til å opphalda seg i bygget. Utleigar må også sørga for at dei leiger ut til personar som er skikka til å arrangera festar.

Politiet er ikkje samde med russen i måten dei steller i stand større festar på, og meiner det må definerast som offentlege arrangement når festen blir annonsert og invitert til via Facebook. Her frå Belvedere sin fest 10. februar, der ein politipatrulje dukka opp i løpet av kvelden. Politiet stengte ikkje ned festen, men uttrykte bekymring for talet på gjester og at det var rusa mindreårige i lokalet.

Politiet er ikkje samde med russen i måten dei steller i stand større festar på, og meiner det må definerast som offentlege arrangement når festen blir annonsert og invitert til via Facebook. Her frå Belvedere sin fest 10. februar, der ein politipatrulje dukka opp i løpet av kvelden. Politiet stengte ikkje ned festen, men uttrykte bekymring for talet på gjester og at det var rusa mindreårige i lokalet.

For dårleg dialog

Russen på si side ønskjer å vera seriøs og profesjonell, men seier dei opplever fordommar, og får ufortent kritikk fordi russen blir sett på som éi stor gruppe. Russen er frustrert over at politiet ikkje er klar nok i retningslinjene sine.

– Dei snakkar ikkje saman, og reglane er uklare. Du kan snakka med éin politimann som seier ting er greitt og at vi kan ha 16-årsgrense på festane, men likevel dukkar det opp politi som trugar med å stenga ned festen. Nokre av russegruppene har fått avlyst festen sin på førehand av politiet, fortel russestyret.

Mykje på grunn av Jarand var Belvedere svært «føre var» når det kom til dialogen med politiet før festen. Dei sendte til og med inn ein risikorapport til politiet i forkant. Likevel dukka ein patrulje opp og uttrykte misnøye med arrangementet deira.

– Vi opplevde dei som morske og at dei hadde «piggane» ute. Vi forventa sjølvsagt at dei skulle stikka innom, og skjønar at dei skal vera autoritære, men synest dei hadde feil haldning som forverra stemninga. I og med at vi hadde dialog i forkant kjentest det litt urettferdig, seier Madelein Ringheim Reigstad og dei andre i gruppa.

Lensmann Sigurd Børve er ikkje samd med ungdommane i at politiet er inkonsekvente:

– Vi viser til det same regelverket til alle. Russen får ikkje «amnesti» i nokre månader berre fordi dei er russ. Og sjølv om vi har dialog og kommunikasjon med russegruppene i forkant, så viser det seg at dei ikkje heilt har teke inn over seg ansvaret dei har når dei arrangerer festar, og når mindreårige er til stades. Dei følgjer kanskje ikkje opp det vi har blitt samde om, eller retningslinjene vi har gitt dei. Det har vore nokre få, uheldige episodar i samband med russefestane, der russen har sleppt for mange inn i lokalet. Det kan fort skje når festen er annonsert via Facebook.

Må følgja reglane

Russen seier til Kvinnheringen at dei ønskjer seg ein fast «russekontakt» på Kvinnherad lensmannskontor, slik at dialogen blir enklare og meir føreseieleg.

– Kvifor kunne ikkje politiet kome til KVV i starten av skuleåret på hausten, samla russekullet og starta dialogen der? Då kunne dei lagt fram krav og forventningar, og vi kunne stilt spørsmål. Dessutan må dei også tenkja på at sjølv om vi er eitt stort russekull, så er vi framleis individuelle ungdommar. Vi håpar fordommar frå tidlegare kull ikkje blir hengande igjen, og at dei er imøtekommande. Alt vi vil er å ha det kjekt ilag, og kva vi har lov til i russefeiringa blir berre meir og meir innskrenka, både på skulen og elles. Vi fryktar at det til slutt ikkje blir noko igjen av russefeiringa til slutt, seier russestyret.

Lensmann Sigurd Børve innrømmer at politiet ikkje har vore flinke nok til å fanga opp endringa i festkulturen til russen, men at dei vil gjera det dei kan for å trygga ungdommen og betra dialogen.

– Vi har no fått formalisert ein fagansvarleg innanfor førebygging som skal samarbeida med kommunal SLT-koordinator. Vedkommande vil på ein måte bli ein slags ungdoms- og russekontakt. Vi har allereie ein del dialog med russen og KVV, men førebygging og tidleg dialog er alltid viktig, og der kan vi alltid bli betre.

Lensmann Børve avsluttar med å skryta av russen, som han seier stort sett oppfører seg veldig bra:

– Eg vil understreka at det har vore svært lite bråk i samband med russefeiringa dei siste åra. Russen er stort sett veldig kjekk og flink ungdom, og vi ønskjer òg at ungdommane skal få samlast og ha det kjekt i lag. Men skal det føregå på ein trygg måte, så må dei ha visse reglar å retta seg etter, både i forhold til alkohollova, kommunale politivedtekter og så vidare.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken