Heldige barnehagebarn fekk is og russekort

Lars Bernhard Heggøy (nærmast) og resten av russen delte ut is til barnehagebarn på onsdag. Her frå Undarheim barnehage.

Lars Bernhard Heggøy (nærmast) og resten av russen delte ut is til barnehagebarn på onsdag. Her frå Undarheim barnehage.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det er ikkje berre hyss og sprell med russen. Onsdag besøkte dei fleire barnehagar og delte ut is til ungane, tradisjonen tru. Kvinnheringen blei med dei i Undarheim barnehage, der dei små blei svært oppglødde over å sjå dei raudkledde ungdommane.

– Kan vi få russekort òg? kom det kjapt frå ungane, og sjølvsagt fekk dei det også.

Dermed tok Kvinnheradrussen endå ein russeknute: Legoklossen (for å dela ut is til ei barnehageavdeling).

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken