Slo til på gratis russebilsjekk

Onsdag kveld tok gjengen bak russebilen «Gætta» turen til Statens vegvesen sin etter kvart tradisjonsrike russebilsjekk ved Husnes Motor.

DEL

Russebilen er ein ombygd minibuss – Peugot Boxer 2005-modell – som er nedgradert til åtte seter.

– Vi er fem frå Uskedalen, to frå Husnes og ein frå Valen som eig bilen i lag, fortel Jonas Ridzevicius og Torstein Myklebust.

Dei to kjem sigande med den etter kvinnhersk målestokk vaksne russebilen. Frode Myklebust i Statens vegvesen overtar rattet og får bilen inn i verkstadhallen til Husnes Motor. Det er tid for kontroll. Bilen blir heist opp, slik at hjuloppheng og anna kan sjekkast.

Ein annan lokal vegvesenmann, Sveinung Bauge kjem med nokre papir russegutane må fylla ut. Jonas og Torstein ser litt nervøse ut, men føler seg likevel ganske trygge på at bilen til 40.000 kroner er i bra stand. Bilen vart kjøpt tidleg i april i Sarpsborg.

– Den vart EU-godkjend i desember i fjor, opplyser Jonas og Torstein.

Dagleg leiar ved Husnes Motor, Kurt Johnny Johnsen, er oppteken av trafikktryggleik og stiller verkstadhallen gladeleg til disposisjon, slik ein har gjort i mange år, også før han kjøpte bedrifta.

– Dette er viktig med tanke på å få sjekka om bilane er trygge. Vegvesenet sin kontroll er eit flott tilbod, meiner Johnsen.

I god stand

Kilometerstanden er berre rundt 100.000. Og den tekniske standen blir karakterisert som bra av Frode Myklebust. Han gir «Gætta»-gutane tips om ein straumleidning frå motorrommet til stereoanlegget som kan sikrast litt betre.

Men så er det seteplasseringa, då. Dei to frå vegvesenet studerer og funderer. Arbeidet er godt utført, og dei seks setene i «bakskuten» har alle trepunktselar, noko vegvesen-karane likar godt. Men etter reglane skal slik flytting av seter, eller ombygging som det heiter på byråkratspråket, registrerast i ein nytt vognkort. For å få det i orden før landstreffet på Ålgård 3.–4. mai, må bilen inn til ein offisiell kontroll ved ein av vegvesenet sine trafikkstasjonar, og det må betalast litt over 600 kroner for å få nytt vognkort.

– Problemet er at de er litt seint ute til å få godkjent ei ombygging. Det er vanskeleg å få ein slik time før treffet, forklarar Bauge.

Dermed blir det ein mangellapp, og gutane bak «Gætta» har to val. Anten må dei mekka seg tilbake til slik setene stod då dei kjøpte bilen, eller satsa på å rekka ein kontroll og få nytt vognkort. Dei avtalar med Bauge å snakkast neste dag for å sjå kva trafikkstasjonen i Odda eventuelt kan få til.

– Kva farge blir det på bilen? spør Kvinnheringen, og tenkjer det eigentleg er eit dumt spørsmål.

Men svaret er ikkje «russeraud», slik ein kunne venta.

– Kvit og blå, kanskje, smiler Jonas og Torstein, og ser på all maskeringsteipen som er festa på pyntelister og vindaugslister.

Saman med andre i russebilgjengen har dei jobba til langt på natt i det siste. Ominnreiing, sota vindauge, stereoanlegg og førebuing til lakkeringsjobben.

– Det blir nok at me rullar metallmalinga på. Og så skal det påførast nokre sponsorar – den jobben byrja vi på alt i fjor haust, fortel russegutane.

– Kvifor «Gætta»?

– Hehe. Det er ein vri på «Gutta» som vart til alt då me gjekk første året på KVV, forklarar Torstein.

«Gætta» var den einaste av årets tre fire russebilar som var innom russebilkontrollen onsdag kveld.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags