Går med bøsser for Kreftforeningen: – Vi skal samla inn meir enn fjorårets russekull!

11. mars skal russen gå med bøsser til inntekt for Krafttak mot kreft. Her ser du f.v. russepresident Kristian Enes, Marte Ersland Prestnes i innsamlingskomiteen, økonomiansvarleg Karen Pedersen Brede og Erlend Fredheim i innsamlingskomiteen.

11. mars skal russen gå med bøsser til inntekt for Krafttak mot kreft. Her ser du f.v. russepresident Kristian Enes, Marte Ersland Prestnes i innsamlingskomiteen, økonomiansvarleg Karen Pedersen Brede og Erlend Fredheim i innsamlingskomiteen.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kvart år går russen med bøsser for å samla inn pengar til den viktige kreftforskinga. Faktisk står russen for heile 80 prosent av pengane Kreftforeningen får inn under den årlege aksjonen «Krafttak mot kreft». Russen på Vestlandet vore med på denne dugnaden dei ti siste åra, og klart å samla inn til saman 32 millionar kroner. Kvinnheradrussen åleine samla inn 200.000 kroner i fjor.

Onsdag var Lena Teigland frå Kreftforeningen på besøk på KVV for å setja ungdommane inn i kva som er årets fokusområde.

– Temaet for Krafttak mot kreft i 2018 er «Seinskader av kreftbehandling». Kreftbehandlinga som blir tilbydd i dag dreper ikkje berre kreftcellene, men også friske celler. Det går hardt utover friske organ i kroppen. Derfor slit mange kreftramma med alvorlege seinskader. Det er tabu å snakka om, for den som er kreftramma skal jo berre vera glad han eller ho overlever, sa Teigland til russen.

Ho viste deretter ein film om ein mann som fortalde om ulike seinskader som tinnitus, hol i tennene fordi emaljen forsvann med stråling, øydelagt vev, øydelagte stemmeband, øydelagt svelg og lammingar i tunga.

Teigland bad også ungdommane om å rekka opp ei hand viss nokon dei kjente var kreftramma, som til dømes bestemor, foreldre, søster eller bror, vener eller andre kjenningar. Mange rekte opp handa.

– Før eg blei med i Kreftforeningen tenkte eg «har det noko å seia om eg stiller opp på aksjon eller ikkje? Betyr det noko? Men no veit eg kor mykje det betyr. Kvinnheradrussen har bidrege veldig mykje opp gjennom åra, og det håpar eg de òg vil, sa ho.

Erlend Fredheim er saman med Marte Prestnes Ersland hovudansvarleg for russen sin innsamlingsaksjon i år.

– Målet vårt er sjølvsagt å samla inn meir enn fjorårets russekull gjorde. Dette er ei veldig viktig sak, så vi er supermotiverte, seier han til Kvinnheringen.

Han fortalde medrussen at dagen dei skal gå med bøsser blir søndag 11. mars. Dei av ungdommane som melder seg som bøssebærarar får eige armband og ei lita bøsse dei kan ha i russelua som ein russeknute.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags