Sprang for livet

SPREKT: Dei 40 deltakarane sprang og gjekk til saman 142 kilometer.

SPREKT: Dei 40 deltakarane sprang og gjekk til saman 142 kilometer. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

40 deltakarar tok tysdag føremiddag på seg treningskleda, og stilte opp for å springa til inntekt for Kreftforeningen.

DEL

40 deltakarar står klare til å springa når «startskotet» er i ferd med å gå. Sola skin, men det er litt kjøleg i lufta. Runden dei skal springa er på éin kilometer, og dei har éin time på seg til å legga bak seg så mange rundar som mogleg. Kvar runde ein fullfører betyr nemleg meir pengar i kassa som russen skal levera til Kreftforeningen i samband med den årlege aksjonen «Krafttak mot Kreft».

– Alle deltakarane har sjølv skaffa sponsorar som gir eit valfritt beløp per runde ein går eller spring, forklarar russ Amalie Røstbø, som er med på å arrangera løpet.

Ho fortel at årets russ hadde lyst til å bidra med noko meir enn den vanlege bøsseaksjonen, og at dei hadde ei idémyldring for å finna ut andre måtar å samla in pengar på.

– Vi ønskte å skapa litt meir merksemd rundt aksjonen, og kom fram til at eit løp var det enklaste og kjappaste å arrangera på så kort tid. Det kunne gjerne ha vore endå betre oppmøte, men alt i alt er det ei kjempegod innsats frå alle involverte, seier Røstbø.

Dei 40 deltakarane sprang og gjekk til saman 142 rundar – i gjennomsnitt om lag 3,5 kilometer per person. I skrivande stund har dei enno ikkje fått rekna ut kor mykje pengar det vert til saman.

Løpet er ein del av russen sin årlege innsamlingsaksjon. I år skal pengane Kreftforeininga får inn gå til dei som lever med uhelbredeleg kreft, og kommande søndag skal bøssebærarar over heile landet samla inn pengar til kreftsaka.

Les meir om kreft:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken