Dette har russen fått inn til Kreftforeningen så langt

Søndag gjekk russen med bøsser, og her ser du Marte Ersland Prestnes (t.v.) og Madel Holmedal Gjerding som sat på hovudkontoret på KVV for å dela ut og ta imot bøsser og folk som var innom for å støtta aksjonen.

Søndag gjekk russen med bøsser, og her ser du Marte Ersland Prestnes (t.v.) og Madel Holmedal Gjerding som sat på hovudkontoret på KVV for å dela ut og ta imot bøsser og folk som var innom for å støtta aksjonen.

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnheradrussen 2018 gjekk med bøsser på søndag, og har planar om fleire aktivitetar for å samla inn mest mogleg pengar til Kreftforeningen.

DEL

Søndag gjekk russen rundt med bøsser og samla inn til "Krafttak mot kreft". Den dagen fekk dei inn 170.000 kroner, både i bøssene og på Vipps. Frå før hadde dei fått inn 27.000 kroner, og litt etter litt kjem det inn meir pengar, som gjer at totalsummen i skrivande stund er oppe i 200.000 kroner.

Som du kanskje har fått med deg, håpar russen å nå 350.000 kroner. Då har russepresident Kristian Enes og Erlend Fredheim lova at dei skal tatovera Kreftforeningen sin logo på leggen.

Og russen er langt frå ferdig med aksjonen sin. Dei planlegg blant anna eit løp der folk kan sponsa russen med pengar for kvar runde dei spring. I tillegg vil dei få med bedrifter til å støtta via ein stafett. Russen kan i utgangspunktet halda på med innsamlinga så lenge dei vil, men har sett sluttdato til rundt 18. april.

Vil du støtta Kvinnheringen og russen sin innsamlingsaksjon kan du gå inn her.

Artikkeltags