Russen går med bøsser på søndag: - Vi håpar kvinnheringane har lommeboka klar!

No på søndag, 11. mars, skal russen gå med bøsser til inntekt for Krafttak mot kreft. Her ser du f.v. russepresident Kristian Enes, Marte Ersland Prestnes i innsamlingskomiteen, økonomiansvarleg Karen Pedersen Brede og Erlend Fredheim i innsamlingskomiteen.

No på søndag, 11. mars, skal russen gå med bøsser til inntekt for Krafttak mot kreft. Her ser du f.v. russepresident Kristian Enes, Marte Ersland Prestnes i innsamlingskomiteen, økonomiansvarleg Karen Pedersen Brede og Erlend Fredheim i innsamlingskomiteen.

Artikkelen er over 2 år gammel

Så langt har russen fått inn nesten 26.000 kroner til Kreftforeningen. Russegutane Kristian og Erlend har ikkje gitt opp håpet om å nå til saman 350.000 kroner og tatovering på leggen, og har fleire idear til korleis dei skal nå målet.

DEL

Som vi tidlegare har skrive om, samarbeider Kvinnheradrussen 2018 og Kvinnheringen om ei innsamling til Kreftforeningen. I fjor hadde både russen og lokalavisa kvar sine innsamlingsaksjonar, og no slår vi oss saman for eit nytt «Krafttak mot kreft». Pengane går denne gongen til kreftsjuke med seinskader. Så langt er det kome inn nesten 26.000 kroner, og no på søndag (11. mars) skal russen gå rundt med bøsser på dørene til kvinnheringane – «årets viktigaste russeknute».

– Vi gler oss til å gå på dørene til folk, og håpar dei står klare med lommeboka eller mobilen når vi bankar på. Å samla inn pengar til ei så viktig sak er ei sann glede for oss! Vi skal prøva å dekka mesteparten av kommunen, men dei som ikkje er heime når vi kjem, har mange alternativ, seier russepresident Kristian Enes.

– Folk kan anten bruka Vipps og nummeret 451023 for å setja over pengar til russen sin eigen konto øyremerka Kreftforeningen, eller dei kan komma innom hovudkontora våre på Samfunnshuset i Rosendal eller Kvinnherad vidaregåande skule. Der har vi også bøsser. Dei som kjem innom hovudkontora kan få seg kaffi og kake, og prata med oss om kreft og alt mogleg anna dei måtte ha på hjarta. Det er berre kjekt, seier Erlend Fredheim.

Vil arrangera løp

Erlend Fredheim (t.v.) og Kristian Enes har lova å ta ei spesiell tatovering viss russen når målet om å samla inn 350.000 kroner til Kreftforeningen. Men dei treng alle si hjelp!

Erlend Fredheim (t.v.) og Kristian Enes har lova å ta ei spesiell tatovering viss russen når målet om å samla inn 350.000 kroner til Kreftforeningen. Men dei treng alle si hjelp!

Målet til Kvinnheradrussen er å samla inn 350.000 kroner. Det vil bli vanskeleg, men Kristian og Erlend har framleis trua. Dei har lova at viss russen når denne summen, så skal dei ta ei heilt spesiell tatovering.

– Når vi dette målet skal vi tatovera Kreftforeningen sin logo, summen vi har samla inn og Kvinnheringen sin logo, på leggen, forklarar Kristian.

– 350.000 kroner er mykje pengar, men det er ikkje heilt urealistisk. I tillegg til å gå med bøsser på søndag, kjem vi til å arrangera eit sponsorløp, slik russen i fjor gjorde med «Løp for livet». Det fungerer slik at russen spring rundar ut frå summane dei blir sponsa med, legg Erlend til.

Begge to håpar kvinnheringane vil halda fram med å vera gåvmilde til Kreftforeningen.

Du finn russen si kreftinnsamling her: https://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2018/5-7876

– Alle har eit ansvar for å bidra her, for kreft påverkar alle på eitt eller anna vis. Vi har eit håp om å knusa rekordar, og setja Kvinnherad på kartet som ein kommune som verkeleg bryr seg! oppmodar russegutane.

Les også: – Får vi inn 350.000 til Kreftforeningen tatoverer vi oss!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken