– Vi skal gå rundt med bøsser over heile Kvinnherad 12. mars, og håpar folk vil ta godt imot oss og støtta ei god sak. Vi er nærmare 90 russ, derfor håpar eg at vi skal klara å få inn ein god del pengar. Målet er jo alltid å «slå» fjorårets kull, fortel russepresident Marlene Engelsen.

At årets kull er engasjerte er tydeleg: Då Kvinnheringen snakka med ho for nokre veker sidan, hadde allereie over 40 ungdommar meldt seg som bøssebærarar. Det var allereie før russepresidenten hadde presentert årets aksjon for medrussen.

Russen i Kvinnherad har vore med på innsamlinga i mange år. I fjor samla dei inn 1.75.529 kroner, og i 2015 var summen 270.474 kroner.

– Russen gjer ein kjempeinnsats, og utan dei hadde vi ikkje hatt noko innsamling i Kvinnherad. Dei planlegg og sørgjer for heile gjennom-føringa sjølve. Det er ein del arbeid med aksjonen, så eg synest absolutt dei fortener skryt, seier Lena Teigland, som er rådgivar for Kreftforeningen ved distriktskontoret i Bergen.

Årets tema: Uhelbredeleg kreft

Krafttak mot kreft er kreftforeningens årlige innsamlingsaksjon og aksjonen føregår i veke 10 og 11. I 2017 er det 12. året Krafttak mot kreft blir gjennomført. Føremål og tema for aksjonen i 2017 er uhelbredeleg kreft. I 2015 fikk 32.592 personer kreft i Norge.

– Føremålet med årets aksjon er å gi kreftpasientar med uhelbredeleg kreft flest mogleg leveår og best mogleg livskvalitet. Det skal vi oppnå gjennom forsking og tilbod for pasientar og pårørande. Det ultimate målet er at all kreft skal bli helbredeleg, men i mellomtida skal vi gjera vårt for å gjera uhelbredeleg «leveleg», seier Hilde Kleppestø, kommunikasjonsrådgivar i Kreftforeningen.

Pengene som blir samla inn i år skal gå til:

•1/3 av innsamla midlar: Tilbod ved Vardesentra (Vardesenteret i Bergen er eit tilbod for kreftsjuke og pårørande med fagpersonale og aktivitetar), kreftkoordinatorar og velferdsteknologi. (1/3 av innsamla midlar)

•2/3 av innsamla midlar: Klinisk forsking på livskvalitet, helsetenestekvalitet, livsforlengande behandling, smertelindring.

Alle pengene som blir samla inn i Krafttak mot kreft går uavkorta til desse føremåla.

I tillegg kan det nemnast at Kreftforeningen og P4 arrangerer konsertturneen Vinterlyd. Hovudmålet med Vinterlyd er å skapa merksemd om Krafttak mot kreft. Vinterlyd-turneen startar i Oslo.

Russen står for 80 prosent av alt som blir samla inn i Krafttak mot kreft, og totalt blei det samla inn 37 millionar kroner i 2016.

– Utan russen sin innsats hadde vi aldri kunna gitt så mykje til forsking og andre prosjekt for kreftramma. Russen i Kvinnherad har alltid vist stort engasjement for kreftsaka, og alt tyder på at gjengen i år også er like flink og engasjert, seier Kleppestø.

Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.