– Spring eller gå, og bidra til Kreftforeningen

Russen er klare for å ta eit «krafttak mot kreft». 7. mars arrangerer dei «Løp for livet» her ved Husnes idrettspark, og 12. mars går dei med bøsser – begge delar gjer dei for å samla inn pengar til Kreftforeningen. Her ser du Amalie Røstbø og Kjerstin Guddal Jansson i innsamlingskomiteen.

Russen er klare for å ta eit «krafttak mot kreft». 7. mars arrangerer dei «Løp for livet» her ved Husnes idrettspark, og 12. mars går dei med bøsser – begge delar gjer dei for å samla inn pengar til Kreftforeningen. Her ser du Amalie Røstbø og Kjerstin Guddal Jansson i innsamlingskomiteen.

Artikkelen er over 2 år gammel

12. mars skal russen gå med bøsser for Kreftforeningen. Men ikkje nok med det – no arrangerer ungdommane eit heilt nytt løp i tillegg, for å samla inn ekstra pengar.

DEL

Krafttak mot kreft er Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon, og russen rundt om kring i landet står faktisk for over 80 prosent av totalsummen som blir samla inn kvart år. Sjølve innsamlingsaksjonen i Kvinnherad blir søndag 12. mars, og då skal russen gå heim til innbyggjarane med bøsser over heile kommunen. Russen har også fått eige Vipps-nummer, som gjer at dei som ikkje har kontantar berre kan «vippsa» pengar til aksjonen.

Men russen ville finna på noko ekstra utover det å gå med bøsser, og arrangerer i tillegg eit eige løp tysdag 7. mars.

– Vi var inne på fleire ting vi ville stella i stand, men fann ut at eit slikt løp var enkelt å gjennomføra utan utgifter, og for å få blest rundt innsamlingsaksjonen. 100 prosent av det vi får inn vil gå til Kreftforeningen. Ved å delta på «Løp for livet» får ein frisk luft, mosjon og støttar samtidig ei veldig god sak, fortel Kjerstin Guddal Jansson og Amalie Røstbø i innsamlingskomiteen.

Dei håpar så mange som kan vil delta på løpet, og anten spring eller går grusløypa ved Husnes idrettspark og ungdomsskulen. Elevane på KVV får gyldig fråvær for å delta. Innsamlinga fungerer slik at deltakarane får sponsorar, som på eit skjema skriv kor mykje dei støttar deltakaren med per runde i løypa. Sponsorane kan vera alt frå foreldre til bedrifter eller andre dei kjenner, og både store og mindre summar blir verdsett.

– Tema for årets aksjon er uhelbredeleg kreft, og det er noko vi som russ verkeleg ønskjer å støtta. Alle kjenner vi nokon som er kreftramma, og med pengane vi samlar inn vil Kreftforeningen kunna gi dei med uhelbredeleg kreft flest mogleg leveår og best mogleg livskvalitet, seier Amalie.

– Vi ønskjer å visa at vi som er russ ikkje berre er opptekne av festing og tull, men at vi også kan bidra til samfunnet og slike viktige saker, legg Kjerstin til.

Artikkeltags