Gå til sidens hovedinnhold

Støtt innsamlinga vår til Kreftforeningen her!

Artikkelen er over 3 år gammel

Klarar vi å samla inn 350.000 kroner til Kreftforeningen sitt «Krafttak mot kreft», frå Kvinnherad? Då vil desse russegutane tatovera Kreftforeningen sin logo på leggen!

Russen og Kvinnheringen samarbeider:

Kvinnheradrussen 2018 og Kvinnheringen går nemleg saman om ein innsamlingsaksjon til inntekt for Kreftforeningen. I fjor hadde både russen og lokalavisa kvar sine innsamlingsaksjonar, og no slår vi oss saman for eit nytt «Krafttak mot kreft». Pengane går denne gongen til kreftsjuke med seinskader.

Nettaksjonen finn du ved å klikka her: http://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2018/5-7876

Du kan også vippsa eit beløp til nummeret 451023, som er Kvinnheradrussen 2018 sitt eige nummer.

Hugs også at russen går rundt med bøsser søndag 11. mars: Går med bøsser for Kreftforeningen: – Vi skal samla inn meir enn fjorårets russekull!

 

Erlend Fredheim og Kristian Enes frå årets russekull har eit svært hårete mål: Klarar vi å samla inn 350.000 kroner frå Kvinnherad, både gjennom bøsseaksjon og denne nettaksjonen, skal dei ta ei heilt spesiell tatovering med logoane til Kreftforeningen, Kvinnheringen og Kvinnheradrussen 2018.

– Vi vil så gjerne nå dette målet, og tatoveringa vil då bli eit kjekt minne om vi skulle klara det. Støtt ei viktig sak – gi så mykje du kan og litt til! er oppmodinga frå Kristian og Erlend.

Les meir om kvifor dei vil dette i denne saken: – Får vi inn 350.000 til Kreftforeningen tatoverer vi oss!

Kommentarer til denne saken